Om høyringa
I juni 2023 blei det vedteke ei endring til taubanelova som medfører at Statens havarikommisjon skal vere undersøkingsmyndigheit for ulykker og alvorlege hendingar på taubaneområdet. Endringane i taubanelova trer i kraft 1. januar 2024.
Hovudomsynet bak endringa er å auke det overordna sikkerheitssnivået for taubanar gjennom undersøkingar av ulykker og alvorlege hendingar. Ved å finne fram til dei underliggjande årsakene bak ei ulykke eller alvorleg hending vil ein betre kunne førebyggje at liknande hendingar skjer igjen.
Statens havarikommisjon er frå før undersøkingsmyndigheit for ulykker og hendingar innan luftfart, jernbane, vegtrafikk, sjøfart og forsvaret.
Forslaget i høyringa gir endringar i varslings- og rapporteringsplikta i taubaneforskrifta for å leggje til rette for Statens havarikommisjon som undersøkingsmyndigheit.