For kvart køyretøy skal registeret innehalde minst følgjande opplysningar:
a) europeisk køyretøynummer (EVN)
b) tilvisingar til EF-verifiseringserklæringa og det utskrivande organet
c) tilvisingar til det europeiske registeret over tillatne typar køyretøy som omhandla i § 7-3
d) identifisering av eigaren og innehavaren av køyretøyet
e) restriksjonar på bruken av køyretøyet
f) eininga med ansvar for vedlikehald
Registrering av køyretøy i det nasjonale køyretøyregisteret fritek ikkje jernbaneføretaka frå plikta til sjølv å føre register over dei køyretøya som verksemdene brukar, jamfør jernbanekjøretøyforskriften.
Tilgang til registeret
Det nasjonale køyretøyregisteret (sNVR).
Kven som skal ha tilgang til registeret går fram av punkt 3.3 i vedlegget til vedtak 2011/107/EU.
Dei som får tilgang er mellom anna:
- køyretøyinnehavarar
- eigarar
- jernbaneføretak
- infrastrukturforvaltar
- undersøkingsmyndigheita (Statens havarikommisjon for transport)
- Det europeiske jernbanebyrået (ERA)
- nasjonale tryggleiksmyndigheiter i andre EØS-statar.
Statens jernbanetilsyn tildeler leserettar til verksemdene i samsvar med tabellen i punkt 3.3 i vedlegget til vedtak 2011/107/EU. Informasjon om brukarnamn og passord for innlogging blir formidla til kontaktpersonar i verksemdene.
Søknad om tilgang til det nasjonale køyretøyregisteret kan gjerast ved å vende seg til post@sjt.no med denne informasjonen:
Namn:
Firma:
Rolle: (eks. eigar, innehavar, ECM)
Firmaet må vere registert med ei rolle i registeret for at tilsynet kan gi tilgang (gjeld ikkje SHT eller ERA og NSA).
Europeisk køyretøyregister
Det eksisterer òg eit felles europeisk køyretøyregister (VVR). VVR gir tilgang til opplysningar lagra i dei nasjonale køyretøyregistra i alle EØS-landa og i somme av OTIF-landa, ikkje berre i det norske registeret.
Innlogging i det felles europeiske køyretøysregisteret (VVR) gjerast med same brukar og passord som for NVR, men ein må legga til NO føre brukarnavnet (eks. NObruker).
Innlogging i det felles europeiske køyretøysregisteret (VVR).
Skjema for registrering av godkjende køyretøy
Registrering av godkjende køyretøy i Word-format (bokmål)
Registrering av godkjende køyretøy i Word-format (PDF-format)
Registrering av godkjende køyretøy i Word-format (nynorsk)
Registrering av godkjende køyretøy i PDF-format (nynorsk)
Registration form for vehicles in Word format (English)
Registration form for vehicles in PDF format (English)