Evakuering:
Verksemda bør
- vurdere vanleg rutinar ved evakuering, og finne den beste måten å gjere det på med omsyn til område/underlag hoppeslottet står oppført på
- ha rutinar/beskrivingar av omsyn knytt til uventa deflasjon (punktering/ruptur)
- ha vurderingar av om omgivnadene kan ha innverknad på evakuering
- ha personell som skal utføre evakuering (eigenheit)
- ha kommunikasjonsverktøy under evakuering (signal, tale, skilt)
Underlag:
- Krav til forhold som helling i bakke, topografi og overflatetype.
- Krav til omgivnader som til dømes utandørs farar som veg, klippar, vatn, tre, luftleidningar, og nedgravne ting i bakken (ved forankring av hoppeslottet), overliggjande klaringar og sperring av rundt hoppeslottet for uheldig ferdsel.
- Plassering av utstyr som til dømes viftar, leidningar, kablar, etc.
Vêrforhold:
- Krav til driftsavgrensingar knytte til vind
- Krav til driftsavgrensingar knytt til lyn, torevêr, regn og andre farlege vêrforhold
Montering:
- Følgje anvisingar frå leverandør knytt til underlag dersom dette ligg føre. (Ikkje på grus, skarpe steinar, reint overflate, etc.)
- Plassering av vifter for å sikre at ho står fritt og trygt (til dømes tørt). Innsuget skal ha fri tilgang til rein luft som ikkje er kontaminert av for eksempel støv, smuss, farleg gass, etc.
- Påse at forankring er i samsvar med anvisingane til leverandøren
- Rutinar for plassering av barrikadar/sperrer for å sikre at personar ikkje forvillar seg inn på lukka område.
- Beskyttelse i tilfelle personar fell av eller ut av innretningane.
Kontroll/inspeksjon:
Før opning:
- Gjer ein visuell inspeksjon for å sikre at til dømes ingen skade/rifter i innretninga.
- Dersom to delar er kopla saman med til dømes borrelås, skal verksemda sjå til at innretningane er festa rett og at det er ein jamn saumlaus overgang (obs: hugs fasthekting).
- Nytt rett vifte med fri tilgang til luft (plassering av viften).
- Sjå til at viften er OK, sett rett veg og beskytta for å sikre tilgang på luft.
- Dersom det eksisterer, skal deflasjonsvarslingssystemet vere riktig installert og fungere.
- Ha en funksjonstest av eventuelt varslingsutstyr som blir nytta i samband med evakuering.
- Gjer ein visuell inspeksjon av dei elektriske koplingane (ingen øydelagde leidningar, isoleringa til kabelen er intakt, kontaktar/koplingar ikkje er øydelagde).
- Gjer ein visuell inspeksjon av forankringa for å sikre at innretninga er festet i samsvar med anvisingane til leverandøren.
- Alle tau/kablar og innfestningar skal vere riktig festa til innretninga og i bakken (rett knute, rett innfesta).
- Alle tau/kablar skal vere fest i innretninga mot forankringspunkt i bakke dei skal vere intakte og ikkje slitne/degraderte.
- Gjer ein visuell inspeksjon av inngangar, utgang, trapper og underlag ved utgang/inngang til innretninga.
- Sjå til at støytdempingsmaterialet er riktig plassert på alle landingsflater og flatar som blir nytta utanfor innretninga til dømes påstigning/avstiging.
- Gjer ein visuell inspeksjon av området rundt for å sjå om det ikkje er risiko for uønskte hendingar (tre, lause gjenstandar, overhenga objekt som kan falle ned).
- Kontroll av at barrikadar/sperringar skal vere sette rett og slik at dei fungerer til hensikta si.