Hugo Hermansen blir ny direktør for Statens jernbanetilsyn
Samferdselsdepartementet har tilsett Hugo Hermansen som direktør for Statens jernbanetilsyn.
– Hugo Hermansen er ein erfaren leiar med bakgrunn frå både offentleg og privat sektor. Denne kompetansen gir han eit godt utgangspunkt for å leie Statens jernbanetilsyn, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
– Vi ønskjer Hermansen velkommen til oss og gler oss til å bli kjende med vår nye direktør, seier fungerande direktør i Statens jernbanetilsyn, Kristoffer Eikeland.
Sjå pressemeldinga om tilsettinga på nettsida til Samferdselsdepartementet.