AsBo (Assessment Body – assesserende eining)
AsBo evaluerer om risikostyringsprosessen for ei endring er utført i samsvar med felles tryggingsmetode for risikovurderingar (CSM RA). AsBo evaluerer òg resultatet.
AsBo i Noreg:
- Bane Nor (interne prosjekt)
- Certifer Nordics AS
- SINTEF AS
Ei verksemd som har akkreditering frå eit nasjonalt akkrediteringsorgan kan fungere i rolla som AsBo. AsBo treng altså ikkje å vere eit norsk firma. SJT skal godkjenne interne AsBo i Noreg.
ISA (Independent Safety Assessor – assessor)
ISA verifiserer at komponentar og delsystem oppfyller krav i tråd med visse prosess- og elektrotekniske standardar (EN50126, EN50128 og EN50129). Rolla som ISA er knytt til eit enkelt prosjekt og ein enkelt person. Verksemda med prosjektet foreslår ein person for SJT med dokumentasjon på at personen er eigna som ISA i prosjektet. SJT skal godkjenne denne personen. Ein annan person kan ikkje gå inn som ISA i prosjektet utan ny godkjenning. Ta kontakt med SJT for godkjenning av ISA.
Meldt organ (Notified Body eller NoBo)
Eit meldt organ vurderer samsvar mot TSI-er generelt, og kan utøve verksemda si i heile EØS-området. Eit meldt organ er det same som eit «teknisk kontrollorgan» som det heiter i lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar. [dette er usikkert. ta bort eller skriv om - høyr med Tron].
Statens jernbanetilsyn har ansvaret for utpeiking av, melding om og tilsyn med melde organ. Andre verksemder som ønskjer å bli godkjende som meldt organ bør ta kontakt med SJT for rettleiing om søknadsprosessen.
Ei verksemd som er etablert eller oppretta i Noreg kan søkje SJT om å bli godkjend som meldt organ. Verksemda må ha akkrediteringsbevis frå Norsk akkreditering der det kjem fram:
- at verksemda oppfyller krava som er fastsette i relevante harmoniserte standardar (Normalt ISO/IEC 17065:2012, i kombinasjon med ERA assessment scheme v. 2.0)
- at verksemda er akkreditert for TSI-ene og modulane i jernbanemodulforskrifta som dei har oppgitt i søknaden si
Oversikt over NoBo-er i den europeiske databasen NANDO.
Utpekt organ (Designated Body eller DeBo)
Eit utpeika organ vurderer samsvar mot nasjonale tekniske krav i dei statane dei er utpeika i. Dei nasjonale krava er fastsette på bakgrunn av behovet for tilpassing til lokale forhold i det nasjonale jernbanenettet. I Noreg er det berre to delsystem som er aktuelle: CCS om bord og rullande materiell.
Viss verksemda ikkje er norsk, må verksemda dokumentere at dei har tilstrekkelege språkkunnskapar, anten norsk, svensk eller dansk. Dette er fordi verksemda må kunne skrive verifikasjonsrapportar og sertifikat, og i tillegg kunne gi rettleiing om det norske regelverket (i hovudsak jernbanekøyretøyforskrifta[lenkje]).
For å bli utpeika organ må verksemda ha akkrediteringsbevis der det kjem fram at verksemda oppfyller krava som er fastsette i relevante harmoniserte standardar (Normalt ISO/IEC 17065:2012, i kombinasjon med ERA assessment scheme versjon 2.0). Akkrediteringsbeviset må vere ferda ut av eit akkrediteringsorgan frå ein EØS-stat (treng ikkje å vere frå Norsk akkreditering). Dersom akkrediteringsbeviset ikkje er på norsk, svensk eller dansk, må det vere på engelsk.
Oversikt over DeBo-er i den europeiske databasen RDD (Reference Document Database). Trykk på «Reports» og deretter «List of DeBos» for å få listen over utpekte organer.
Statens jernbanetilsyn har ansvaret for utpeiking av, melding om og tilsyn med utpeika organ. Verksemder som ønskjer å bli godkjend som utpeika organ bør ta kontakt med SJT for rettleiing om søknadsprosessen.