Løyve for drift av ny taubane

Skal du byggje ny taubane? Her ser du kva som blir kravd for eit løyve og kor lang tid prosessen kan ventast å ta.

Publisert: 07.12.2018   Endret: 07.10.2020

Denne artikkelen gir ei oversikt over krav til melding om og søknad for eit nytt taubaneanlegg. For utfyllande krav, sjå forskrift om taubaner.

Melding om ny taubane før søknad sendes

Meldinga skal sendast til SJT før søknad om bygging blir send til plan- og bygningsmaktene. Meldinga bør sendast så tidleg som mogeleg, slik at SJT kan rettleie om krava i regelverket, og planleggje ressursar til saksbehandling av søknad.

Meldinga skal minst innehalde:

  1. namn på og kontaktopplysningar for søkjer (taubaneverksemda som skal ha løyve), med kontaktperson
  2. overordna framstilling av prosjektet, og planlagd framdrift i bygging av taubana
  3. førebels vurdering av lokale forhold som kan påverke taubana, som til dømes:
      1. planlagd trasé
      2. gjeldande infrastruktur (nærliggjande bygg, veg, kraftleidninger osv.)
      3. klimatiske forhold (for eksempel rasfare)

Meldingen skal sendes til SJT på følgende skjema.

SJT svarer på meldingen senest innen 4 uker. I svaret orienterer SJT om:

  • gjeldande regelverk for søknad om driftsløyve
  • krav til forsikring og sikkerheitsstillelse
  • krav til kva dokumentasjon som skal sendast i komande søknad om driftsløyve

Søknad om driftsløyve

Søknad om driftsløyve for taubane blir sendt til SJT på dette skjemaet. Vi tilrår at søknad blir sendt i god tid før planlagd oppstart.

Søknaden skal innehalde:

  1. Forsikring:
      1. dokumentasjon om at søkjar har nødvendig forsikring og sikkerheitsstillelse
  2. Teknisk dokumentasjon:
      1. profiltegning av taubana
      2. tauberekning
      3. oversiktsteikning av driv- og vendestasjon
      4. EF-sertifikat og -samsvarserklæringar med teknisk dokumentasjon for sikkerheitskomponenter og delsystem
        Last ned liste med eksempel på delsystem og filnavnWord-ikon
      5. sikkerheitsanalyse
      6. sikkerheitsrapport der sikkerheitskomponenter og risikoforhold vidareførde til drift er angjevne
      7. dokumenter om nødvendige driftsbetingelser og avgrensingar
      8. fullstendige opplysninger om drift, service, tilsyn, justering og vedlikehald
      9. sluttprotokoll frå leverandør angjeve i NS-EN 1709:2004 eller tilsvarande, som stadfestar at banen er bygd i tråd med leverandøren sine tekniske spesifikasjonar
  3. Sikkerheitsstyringssystem:
      1. relevante delar av verksemda sitt sikkerheitsstyringssystem – kva for delar som skal leggjast ved søknaden vil vi seie frå til søkjar om i svar på melding om bygging av ny taubane

Det skal vere tydeleg i dokumentasjonen kva dokument som svarer ut dokumentasjonskrava ovanfor. Leverandøren/produsenten vil som regel utarbeide den tekniske dokumentasjonen under punkt 2 ovanfor.

All dokumentasjon skal vere på norsk, unnateke dokumentasjonen i punkta frå 2a til 2e ovanfor, som kan vere på engelsk.

SJT ber om at all dokumentasjon blir send frå søkjar, og at dokumentasjon som blir lagd ved søknaden skal vere i endeleg versjon. SJT kommuniserer med søkjar under behandlinga av søknaden, ikkje leverandør og andre partar. Dette er ikkje til hinder for at søkjar kan ha med representantar frå leverandørar og andre på eventuelle møte med SJT

Søkjar blir oppfordra til å sende dokumentasjonen samla. Blir dokumentasjonen sendt etter kvart som den er i endeleg versjon, skal søkjar gi melding til SJT når dokumentasjonen er komplett.

Det vil etter kvart leggjast ut ei framstilling av korleis vi vurderer innsend dokumentasjon til søknad om driftsløyve med tanke på kvalitet.

Etter at søknaden er motteken

SJT vurderer den mottekne søknaden med tilhøyrande dokumentasjon, og ber eventuelt om avklaringar og supplerande informasjon frå søkjaren.

Søkjar får svar på søknaden frå SJT innan 4 veker etter at all nødvendig dokumentasjon er sendt samla, eller søkjar har gitt melding om at dokumentasjonen er komplett.

Dersom sluttprotokollen frå leverandør er einaste dokument som manglar i søknaden, kan søkjar avtale med SJT at denne blir send på eit seinare tidspunkt. I slike tilfelle kan SJT starte behandling av søknaden slik at all annan dokumentasjon er gjennomgått og avklart i påvente av sluttprotokollen. Behandlingstid mellom mottak av sluttprotokoll og eventuelt vedtak om driftsløyve vil då kunne bli vesentleg kortare enn 4 veker.