Spesielle inspeksjonar

Formålet med spesielle inspeksjonar er å oppretthalde sikkerheit i taubaner for passasjerar og tilsette.

Publisert: 14.09.2018   Endret: 14.09.2018

For taubaner godkjent etter regelverket som gjaldt etter 3. mai 2004 skal leverandøren sine anvisningar for spesielle inspeksjonar følgjast.

Dersom det finst anvisningar frå leverandør for taubaner bygde etter regelverket som gjaldt før 3. mai 2004, skal desse følgjast. Dersom det ikkje finst anvisningar frå leverandør, skal verksemda sjølv vurdere kva komponentar som skal prøvast, baserte på ei risikovurdering.

Nedanfor blir eksempel lista på typiske komponentar som bør vurderast for prøving, samt eksempel på omfang av prøving:

  • Mekaniske bremsar i hovuddrivverket, medrekna sikkerheitsbrems – demonterte.
  • Driv- og vendeskive, samt lager og akslingar.
  • Alle akslingar og vippeboltar frå eitt utvalt rullebatteri (for eksempel mest belasta) av kvar type (opptrekk, nedtrekk og kombibatteri). Blir feil oppdaga i ein type, blir prøvinga utvida til alle rullebatteri av tilsvarande type. Dersom utmattingsbelasta delar blir skifta i samanheng med prøving, skal neste kontroll ta omsyn til dette.
  • Ikkje-destruktiv prøving av minst 10 prosent (minst to) av opphenga etter rotasjonsprinsippet. Blir feil oppdaga blir prøvinga utvida til alle oppheng.

Intervall for spesielle inspeksjonar blir fastsette av det som er meldt i forskrift om taubaner, § 10-13.

Dersom leverandøren sine anvisningar ikkje finst for klemmer, kan følgjande eksempel tene som utgangspunkt for ei risikovurdering av omfanget av spesielle inspeksjonar på klemmer:

  • Prøving av minst 20 prosent av koplingsberre klemmer (minst to) etter rotasjonsprinsippet, seinast kvart femte år og etter rotasjonsprinsippet, slik at alle klemmer er testa i løpet av 25 år / 37 500 driftstimar.
  • Prøving av 10 prosent av faste klemmer (minst to) etter rotasjonsprinsippet kvart femte år / 10 000 timar på stolheis, og kvart 10. år / 15 000 timar på skitrekk.
  • Blir feil oppdaga blir prøvinga utvida til alle klemmer.

Taubanene sin infrastruktur (til dømes mast og fundament) ligg utanfor tilsynsområdet til Statens jernbanetilsyn. Denne fell inn under plan- og bygningsetatane i kommunane. Vi minner likevel om at utmattingsbelasta delar av infrastrukturen bør vere ein del av risikovurderinga av kva komponentar som skal prøvast. Eksempel på kva som kan vurderast av infrastruktur er sveisesamanhengar i traversar og mast.

Statens jernbanetilsyn har ikkje fastsette konkrete krav til kompetanse for personell om skal gjennomføre spesielle inspeksjonar, slik at verksemda i utgangspunktet sjølv kan gjennomføre desse så lenge dei har relevant kompetanse. Dokumentert kompetanse basert på hevdvunnen standard (for eksempel EIT ISO 9712:2012: «Kvalifisering og sertifisering av NDT-personell») vil vere tilstrekkeleg. Dersom ein ikkje kan presentere slik sertifisering, må tilsvarande kompetansenivå dokumenterast på annan måte.

Statens jernbanetilsyn kan krevje at slike inspeksjonar blir gjennomførde av eit uavhengig inspeksjonsorgan (jf. forskrift om taubaner, § 3-13, 6. ledd). Per i dag har Statens jernbanetilsyn valt å ikkje kreve at slike inspeksjonar blir gjennomførde av eit uavhengig inspeksjonsorgan.

Spesielle inspeksjoner kjem i tillegg til generelle kontrollrutinar og vedlikehaldsplanar.