Kva er tilsyn med taubanar?

Rolla til Statens jernbanetilsyn er i første rekkje å vere ein pådrivar for tryggleik.

Den mest synlege delen av tilsynet vårt er når vi møter opp hos ei verksemd for å sjekke tilstanden på ein taubane, men dette er berre ein liten del av tilsynsverksemda.

Risikobasert tilsyn

SJT bruker mest ressursar der vi vurderer at risikoen for ulykker er størst. Plassering i grunnleggjande risikokategori blir avgjord av type anlegg. Ein svevebane som kan frakte 100 personar samtidig – høgt oppe i lufta – vil innebere ein større relativ risiko enn eit lite skitau.

Risikonivået blir justert for ei rekkje faktorar, som

  • alderen på anlegga
  • organisatoriske forhold
  • erfaring frå tidlegare tilsyn
  • uhellsrapportering

Døme på element som aukar risikoen:

  • Har fått alvorlege pålegg tidlegare
  • Har skitrekk med utfordrande trekktrasé
  • Har ny driftsleiar utan erfaring
  • Har gammal taubane, der det til dømes er vanskeleg å skaffe reservedelar
  • Har heilt nye eller vesentleg modifiserte taubanar
  • Har mangelfull tryggingsstyring
  • Har hatt alvorlege ulykker

Alle verksemder skal ha ei form for tilsyn minimum kvart femte år. Verksemder der tilsynet vurderer at risikoen er høg vil få tettare oppfølging og hyppigare tilsyn.

Tryggingsstyringssystem

SJT stiller krav om kontroll i form av eit tryggingsstyringssystem, det vil seie eit system for internkontroll som gjeld tryggleik. Dokumentasjon av kva som er gjort av vedlikehald er til dømes ein del av tryggingsstyringssystemet. Driftsdagbøker og systemet for å registrere uønskte hendingar er òg ein del av tryggingsstyringssystemet.

Eit innarbeidd tryggingsstyringssystem skal sørgje for at tryggleiken er god kvar dag året rundt, og ikkje berre den eller dei dagane tilsynet er på besøk. Verksemda skal bruke tryggingsstyringssystemet til å grunngi korleis kravet frå forskriftene blir vareteke – ikkje minst når forskrifta gir funksjonskrav.

Les om regelverket for taubaner. Regelverkssymbol

Tilsynsformer

SJT bruker i hovudsak fem tilsynsformer:

Systemrevisjon

Ein revisjon er ein planlagd og systematisk gjennomgang av heile eller delar av tryggingsstyringssystemet. For å avgjere om verksemda etterlever krava går SJT gjennom skriftleg dokumentasjon og gjør intervju med representantar for verksemda.

Tilsynet verifiserer gjennom stikkprøver om tryggingsstyringssystemet fungerer i praksis. Verifikasjonen kan bestå av at tilsynet undersøkjer tekniske anlegg, register, databasar, rutinar i praksis eller anna. Ein revisjon blir normalt varsla i forkant.

Operativ kontroll

Ein operativ kontroll kan skje uventa eller bli varsla på førehand. Formålet er å ta stikkprøver for å sjå om verksemda følgjer kravet frå lovverket og eigne, interne føresegner.

Leiingsmøte

Møte med øvste leiing i ei verksemd der formålet er å finne ut korleis leiinga utøver sitt ansvar for tryggleiken, og om tryggingstiltak blir høgt nok prioritert. Representantar for leiinga i tilsynet deltek på leiingsmøta.

Tilsynsmøte

Eit tilsyn basert på eit møte med fleire representantar frå verksemda til stades samtidig. Eit tilsynsmøte kan ha eit avgrensa tema, til dømes oppfølging av tidlegare tilsyn.

Dokumenttilsyn

Gjennomgang av dokumentasjon innhenta frå ei verksemd relatert til spesifikke operasjonar, prosedyrar eller analysar.

Brot på regelverk

Kjernen i tilsynsrolla er å sjå til at verksemdene etterlever regelverket. Tilsynet gir pålegg om å rette eventuelle avvik frå regelverket.

Ved alvorlege tilfelle har tilsynet følgjande sanksjonsmidlar:

  • Stans av drift
  • Suspensjon av løyve til å drive verksemd eller anlegg
  • Tvangsmulkt
  • Tilbakekalling av retten til å drive ei verksemd eller anlegg
  • Straffegebyr

Formidling av resultat

Resultat frå tilsyn og statistikk frå uhellsrapportering blir formidla på ulike måtar, til dømes i tilsynsrapportar, rettleiarar, årlege tryggingsrapportar, årsrapportar og møte med verksemdene.

Les meir om prinsipp for regelverket. Regelverkssymbol

Fant du det du lette etter?

Tilbakemelding om innholdet på denne siden.
Det oppstod en feil under henting av captcha-bilde