Hva koster eit driftsløyve?

Du må betale søknadsgebyr for å søke om eit driftsløyve. Du må óg betale årsgebyr for å drive ein taubane. 

Når de søker om driftsløyve, koster saksbehandlinga to gonger årsgebyret for taubanen dykkar. Gebyra for taubanar står i tabellen under. I tillegg vil de bli fakturerte for årsgebyret for inneverande år. Det vil seie at det året de får innvilga driftsløyvet, vil de totalt betale tre gonger årsgebyret som gjeld for taubanen.

Frist for å levere inn driftsløyvet

De må levere inn driftsløyvet seinast 31. desember viss de ikkje lenger skal drive taubanen, og ønskjer å unngå faktura for årsgebyr året etter. Lever gjerne inn løyvet så snart de veit at de ikkje skal bruke taubanen lenger. Då kan vi oppdatere registera våre i god tid.

Leverer de inn driftsløyvet må de søke på nytt viss de vil ta i bruk taubanen seinare.

Ein søknad fører med seg søknadsgebyr. Merk at de skal fjeren taubanar utan driftsløyve innan eitt år etter opphøyr av driftsløyvet.

Det er Samferdselsdepartementet som årleg fastsett gebyra i gebyrforskriften for taubanar.

Årsgebyr for taubaner 2026
Type taubaneÅrsgebyr
Svevebanar27 100 kroner
Stolheis med faste klemmer med lengde mindre eller lik 400 meter12 370 kroner
Stolheis med faste klemmer med lengde over 400 meter20 840 kroner
Godstaubanar5 990 kroner
Skitrekk14 520 kroner
Skitau3 980 kroner
Skitrekk med lengde mindre eller lik 400 meter7 860 kroner
Kabelbane27 100 kroner