Verksemda skal gjere ikkje-destruktive prøvingar (NDT) på komponentar og konstruksjonsdelar som blir utsette for utmattingsbelastning.
Hugs at:
- spesielle inspeksjonar kjem i tillegg til generelle kontrollrutinar og periodisk vedlikehald, inkludert hovudrevisjonar
- de skal følgje beskrivingane frå leverandøren for spesielle inspeksjoner
Viss det ikkje finst beskrivingar frå leverandøren for taubanar bygd etter regelverket som gjaldt før 3. mai 2004: Vurder kva komponentar de må prøve me ikkje-destruktiv metode. De skal prøve dei komponentane de vurderer at er mest utsette for utmatting.
Vurder desse komponentane
Vi forventar at de minimum har vurdert behovet for ikkje-destruktive prøvingar av:
- driv- og vendeskive
- akslingar for driv- og vendehjul
- dei mest utmattingsbelasta rullebatteria av type opptrekk, nedtrekk og kombi (eit av kvar):
- opphengboltar
- vippeboltar
- rullebatterirammer
- medbringerklemmer (kontroll og ikkje-destruktiv prøving skal skje etter beskrivingane til leverandøren. Dette følgjer av taubaneforskrifta § 3-13 siste ledd)
- hengestenger
- bremsar (kabelbanar og svevande transport)
Vurderinga av rullebatteri
Bruk belastingar i tauberegningane for å finne dei mest utmattingsbelasta rullebatteria. Ta og omsyn til erfaringar med slitasje i enkelte rullebatteri.
Viss de oppdagar feil under ikkje-destruktiv prøving av dei mest utmattingsbelasta rullebatteria av type opptrekk, nedtrekk eller kombi, skal de utvide prøvinga til dei nest mest belasta rullebatteria av same type.
Poma skitrekk som ikkje har rullebatteri: Vurder travers med guide og innfesting av tauskiveaksling og dessutan tauskiver.
Inpeksjonsmetodar
Ikkje-destruktive prøvingar på sjølve driv- og vendehjulet, rullebatterirammer og hengestenger kan vere ein grundig visuell inspeksjon, sjå til dømes NS-EN 13018:2016. Taubaneleverandørar tilbyr og kurs i visuell inspeksjon. For andre komponentar er andre metodar for ikkje-destruktiv prøving nødvendig. Visuell inspeksjon vil ikkje nødvendigvis avdekkje utmattingssprekkar. NDT-operatøren kan angi kva metode som er best eigna.
Der grundige visuelle kontrollar ikkje er eigna til å finne utmattingssprekkar, som på boltar og akslingar, har vi godteke ultralyd av desse komponentane i montert tilstand. Dette gjeld viss inspektøren vurderer at det er godt nok signal gjennom komponentane til å avdekkje moglege utmattingssprekkar. Om det er godt nok signal, avheng mellom anna av geometrien og materialkvaliteten på komponenten.
Viss ikkje ultralyd gir godt nok signal, må de demontere komponentane og bruke ein annan metode. Den vanlegaste metoden er då magnetpulvertesting. På klemmer krev som regel leverandørane magnetpulvertesting.
Har de bytt komponentar?
Viss de har bytt komponentar ein-til-ein med nye i staden for å prøve dei med ikkje-destruktive metodar, blir neste ikkje-destruktive prøving av desse det som kjem først av 15 år eller 22 500 driftstimar etter bytet.
Viss de til dømes berre byter boltar i dei mest utmattingsbelasta rullebatteria utan inspeksjon, må de teste boltane i dei nest mest utmattingsbelasta rullebatteria. Alternativt kan de byte boltane i alle rullebatteria.
Kompetansekrav
Vi har ikkje fastsett konkrete krav til kompetanse for personell som skal gjennomføre spesielle inspeksjonar. Verksemda kan sjølv gjennomføre desse så lenge personellet har relevant kompetanse. Dokumentert kompetanse basert på ein anerkjend standard vil vere tilstrekkeleg.
Sjå til dømes NS-EN ISO 9712:2022: Ikke-destruktiv prøving – Kvalifisering og sertifisering av NDT-personell.
Viss de ikkje kan leggje frem ein slik sertifisering, må de dokumentere eit tilsvarande kompetansenivå på ein annan måte.