Magnetinduktiv prøving av ståltau (MIP)

Ståltau skal periodisk prøves magnetinduktivt eller med ein annan anerkjend metode.

De skal teste ståltauet i taubanen i tråd med krava i standarden NS-EN 12927 Tryggingskrav for taubaneinstallasjonar for persontransport – Tau.

Første testing

Gjer første testing etter at tauet er montert, men før tauet blir sett i drift. Dette kravet gjeld både ved bygging av ny taubane, flytting av taubane, byte av tau og ved innspleising av ny taulengde på eksisterande taubane.

Neste frist 

Neste frist for magnetinduktiv prøving står i MIP-rapporten frå inspeksjonsorganet. Les i kapittel 13.1 i standarden for å sjå kva som er maksimalt intervall for å utføre MIP av ståltau på ulike taubanetypar.

Kven kan teste?

MIP skal gjennomførast av akkrediterte inspeksjonsorgan. Her er ei liste over akkrediterte inspeksjonsorgan.

Send rapport til Statens jernbanetilsyn

De skal sende rapport til oss kvar gong de har fått utført MIP. Dette skal de gjere sjølv om det ikkje er funne skade på tauet. 

Rapport etter magnetinduktiv prøving

Legg ved ein elektronisk versjon av MIP-rapporten. Når vi får rapporten, vurderer vi om det er samsvar mellom funna i rapporten og tiltaka de skisserer.

Kontakt oss for rettleiing om de ikkje kan sende rapporten elektronisk.