Om regelverket for taubanar

Regelverket for nyare taubanar er basert på EU/EØS-regelverk. Taubanedirektivet er innarbeidd i taubaneforskrifta. Regelverket er anten spesifikt eller funksjonelt.

Regelverk er anten spesifikt eller funksjonelt.

Spesifikt regelverk

Eit spesifikt regelverk vil både ha krav til det nivået som skal oppnåast, og korleis dette nivået skal oppnåast.

Funksjonelt regelverk

Eit funksjonelt regelverk vil ha krav til nivået som skal oppnåast, men ikkje nødvendigvis til korleis nivået skal *oppnåast. Dei som skal etterleve eit funksjonelt regelverk står friare til å finne løysingar som passar for eiga verksemd, og som samtidig svarar ut krava i regelverket.

Mykje av regelverket innanfor taubane er funksjonelt. Dette er i tråd med eit grunnleggjande prinsipp om at det er kvar enkelt taubaneverksemda som er ansvarleg for at verksemda blir driven på ein tryggingsmessig forsvarleg måte.

Løysingane verksemda vel for å svare ut krava i forskrifta skal baserast på analysar. Verksemdene må dokumentere korleis dei svarer ut dei enkelte krava i forskrifta, fortrinnsvis gjennom tryggingsstyringssystemet sitt.

Gå til oversikta over alt regelverk som gjeld for taubanar