Plikta til å fjerne taubanen ligg hos verksemda sjølv

Regelverket seier at den som hadde driftsløyvet står ansvarleg for at alle krav i regelverket blir følgde, inkluderte plikta til å fjerne taubanar som ikkje lengre har driftsløyve.

Krava om fjerning finst i taubanelova og taubaneforskriften.

Taubanelova § 27 seier

«Taubaner som ikke lenger er i drift, skal fjernes.

Taubanevirksomheten som har eller hadde den siste driftstillatelsen for taubanen, er sammen med eieren solidarisk ansvarlig for fjerningen.

Departementet kan fjerne taubanen for taubanevirksomhetens eller eierens regning og risiko hvis den ikke er fjernet innen en fastsatt frist. Utgiftene til fjerning er tvangsgrunnlag for utlegg.»

Taubaneforskriften § 2-6 seier:

«Taubaner som ikke lenger har driftstillatelse, skal fjernes innen ett år etter at driftstillatelsen har opphørt. Statens jernbanetilsyn kan gjøre unntak fra fristen dersom det sannsynliggjøres videre drift.»

Unntak frå fristen krev konkrete planar

Det må vere konkrete planar om vidare drift for å få unntak frå fristen. Det er ikkje eit argument å la anlegget stå oppe i håp om å selje bana. Vi tilrår verksemda å ta kontakt med oss i SJT tidleg for rettleiing viss de har planar om å legge ned verksemda og vil selje banen.

Ansvaret for sikkerheita ligg hos verksemda

Verksemda skal sikre at taubanen ikkje utgjer ein fare for nokon, òg når den ikkje er i bruk.