Regelverk er anten spesifikt eller funksjonelt.
Spesifikt regelverk
Eit spesifikt regelverk vil både ha krav til det nivået som skal oppnåast, og korleis dette nivået skal oppnåast.
Funksjonelt regelverk
Eit funksjonelt regelverk vil ha krav til nivået som skal oppnåast, men ikkje nødvendigvis til korleis nivået skal oppnåast. Dei som skal etterleve eit funksjonelt regelverk står friarar til å finne løysingar som passar for eiga verksemd, og som samtidig svarar ut krava i regelverket.
Mykje av regelverket innanfor taubane er funksjonelt forma ut. Dette er i tråd med eit grunnleggjande prinsipp om at det er den enkelte taubaneverksemda som er ansvarleg for at verksemda blir driven på ein tryggingsmessig forsvarleg måte.
Løysingane verksemda vel for å svare ut krava i forskrifta skal baserast på analysar. Verksemdene må dokumentere korleis dei svarer ut dei enkelte krava i forskrifta, fortrinnsvis gjennom tryggingsstyringssystemet sitt.