To taubaneulykker i 2018

Eigarar av taubaner rapporterte om to taubaneulykker i 2018, mot ingen i 2017.

Publisert: 19.06.2019   Endret: 19.06.2019

Totalt 85 uønskte hendingar blei innrapporterte til Statens jernbanetilsyn (SJT) i 2018, mot 34 i 2017. Uønskte hendingar er summen av ulykker, alvorlege hendingar og hendingar. Kategoriane blir forklarde lengre ned.

SJT har ingen grunn til å tru at den markerte auken skuldast at det reelt har skjett langt fleire uønskte hendingar i 2018 enn 2017. Auken skuldast truleg at einskilde aktørar i taubanebransjen har rapport fleire uønskte hendingar. Likevel blir taubanebransjen prega av for lita rapportering. Derfor er det vanskeleg for SJT å seie noko bestemt om utviklinga i sikkerheitsnivået i bransjen.

Ulykker, alvorlige hendelser og hendelser med taubane

  • Ulykke: Uønskt eller plutseleg hending eller ei bestemt rekkje slike hendingar som fører til død eller alvorleg personskade, omfattande materielle skadar på eigedom eller på miljø, og andre liknande ulukker.
    • Eksempel: alvorleg ryggskade, alvorleg hovudskade, opne eller kompliserte brot eller skadar som openbert kan medføre varige men.
  • Alvorleg hending: Uønskt hending som under andre omstende kunne ha ført til ei taubaneulykke.
    • Eksempel: broten tann, arm- og beinbrot, avrive leddband, smertar i rygg, kutt som må syast.
  • Hending: Einkvar anna uønskt hending enn ei ulukke, som har samanheng med drifta, og som innverkar på driftssikkerheiten.
    • Eksempel: broten tann, arm- og beinbrot, avrive leddband, smertar i rygg, kutt som må syast.

Tilsyn med taubaneanlegg

SJT fører tilsyn med at verksemdene som har taubaner følgjer krav i lov og forskrift. Inntrykket frå tilsynsaktiviteten er at det generelt er godt sikkerheitsnivå på taubaner i Noreg. Det er likevel viktig med kontinuerleg søkjelys for å sikre at driftsrutinar, personellkompetanse og det tekniske anlegget er slik at uønskte hendingar blir unngåtte.

Mest ressursar til tilsyn blir brukt på verksemdene der SJT vurderer at risikoen for ulukker er størst og der tilsyn vil ha størst effekt på sikkerheitsnivået. Ved stadleg tilsyn i 2018 fikk mange av verksemdene påviste avvik frå krava til sikkerheitsstyringssystem.

 

Les heile oppsummeringa av bransjen for 2018.