Nye lovforslag sende til Stortinget

Samferdselsdepartementet har sendt forslag til nye lover for taubaner og fornøyelsesinnretningar til behandling i Stortinget.

Publisert: 12.10.2016   Endret: 24.10.2016

– Dei nye lovene skal ytterlegare styrkje tryggleiken på norske taubaner og fornøyelsesinnretningar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen på departementet sine nettsider.

Forslag til ny taubane- og tivolilov vil høvesvis erstatte taubanelova frå 1912 og tivolilova frå 1991, som var meint å vere ei mellombels lov i påvente av ei samordning med taubaneregelverket.

Mange verksemder innan taubaner og fornøyelsesinnretningar i Noreg driv med god tryggleik i dag. Dei nye lovene vil leggje til rette for meir risikobasert tilsyn av verksemdene.

– Vi vil rette mest merksemd mot dei verksemdene som ikkje etterlever krava i regelverket. Verksemder med mangelfull styring på tryggleiken, som får mange avvik – og gjentekne avvik – vil få tettare oppfølging og hyppigare tilsyn, seier Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, direktør i Statens jernbanetilsyn.

Dei nye lovene vil innebere ei forenkling og modernisering av regelverka. Føresegnene i dei to lovene er i stor grad harmonisert.

Dei sentrale elementa i dei nye lovene er:

  • Innføring av eit nytt pliktsubjekt
  • Oppheving av kravet for konsesjon for taubane
  • Krav til varsling-, rapporterings- og teieplikt
  • Krav om lovfesta objektivt ansvar for taubaneverksemdene og krav om forsikring og sikkerheitsstillelse for både verksemder som tilbyr publikum bruk av fornøyelsesinnretninger og taubaneverksemder
  • Forbod mot ruspåverknad, påbod om pliktig fråhald og reglar for testing
  • Statens jernbanetilsyn får fleire moglegheiter for sanksjonar mot brot på regelverket.

Les meir om nytt regelverk frå 2017.