Meir rapportering av uønskte hendingar med taubaner

Totalt blei det innrapportert 504 uønskte hendingar i taubaneanlegg i 2019. Av desse blei det registrert 56 personskadar.

Publisert: 03.07.2020   Endret: 03.07.2020

Dei fleste av personskadane er små. Innrapportering av uønskte hendingar har auka dei siste åra. Etter pågåande rettleiing frå Statens jarnbanetilsyn (SJT), har rapporteringa auka. Dette ser vi som ein positiv utvikling, men likevel trur vi at det framleis blir rapportert for lite.

Vi ser at rapporteringa blir dominert av få taubaneverksemder. Desse har også gode rapporteringsrutinar. Det er derfor vanskeleg å seie noko sikkert om nivået og utviklingstrendar for ulukkes- og hendingsstatistikken i bransjen. Vi vil arbeide målretta mot bransjen for å auke rapporteringa.

Det er viktig for å oppretthalde sikkerheiten at verksemdene registrerer og følgjer opp ulukker, alvorlege hendingar og hendingar. Vi opplever at delar av bransjen har teke innover seg krava til rapportering.

Sjå rapporten med oppsummering av taubanebransjen for 2019PDF-ikon.