Frist for krav om spesielle inspeksjonar

Taubaneverksemder med eldre taubaner skal ha gjennomførd spesielle inspeksjonar seinast 1. juli 2019.

Publisert: 08.05.2019   Endret: 23.09.2019

Statens jernbanetilsyn (SJT) vil igjen minne om at taubaneverksemder med taubaner godkjent etter reglene som gjaldt før 3. mai 2004 skal ha gjennomførd spesielle inspeksjonar seinast 1. juli 2019.

Verksemder godkjent etter dagens regelverk har allereie program for spesielle inspeksjonar gitt av leverandøren.

Framstillingar og rettleiing

Ein spesiell inspeksjon inneber at relevante komponentar og konstruksjonsdelar som blir utsette for utmattingsbelastning eller utmattingsspenningar, skal gjennomgå ikkje-destruktive prøvingar. For verksemder som ikkje kan få framstillingar av spesielle inspeksjonar frå leverandør, kan SJT sin rettleiar gi eit utgangspunkt for kva komponentar og konstruksjonsdelar som skal prøvast.

Stikkprøvar

Etter at kravet om spesielle inspeksjonar har trøtt i kraft for alle, vil SJT utføre stikkprøvar hos eit utval verksemder gjennom tilsyn. Ei verksemd som ikkje har gjennomførd inspeksjon innan fristen, vil få notert eit avvik. SJT vil gi eit pålegg om at avviket skal lukkast innan ein gitt dato. Fristen for å lukke avviket vil variere frå sak til sak, avhengig av risikoen forbundet med drift av taubana. Dersom verksemda ikkje lukkar avviket innan fristen, kan SJT vurdere sanksjonar. Typen sanksjonar vil også variere frå sak til sak, avhengig av kor alvorlege avvika er.

Bransjemøte 15. mai

SJT informerte om spesielle inspeksjonar i eit bransjemøte i SJT sine lokale i Oslo 15. mai klokka 09.00-11.00.

Sjå presentasjon om spesielle inspeksjonar.