Aktløyse gir flest skadar i skiheisar

Den største delen av rapporterte personskadar ved bruk av skitau og skitrekk i Noreg skuldast at alpinistar er uoppmerksame, hektar seg fast eller fell.

Publisert: 24.09.2014   Endret: 17.11.2016

Foto: Gabriel Santiago

Teknisk svikt er registrert som årsak til ein mindre del av personskadane. Dette går fram av statistikk som blei presentert av Noreg på den internasjonalen taubanekonferansen ITTAB 2014 i Oslo 24. september.

Skitau og skitrekk utgjer omtrent 90 prosent av skiheisane i alpinanlegg i Noreg. Dei andre skiheisane består av stolheisar. Nesten 40 år med hendingar i skiheisar lokaliserte i alpinbakkar er analyserte av Statens jarnbanetilsyn.

830 innrapporterte hendingar frå 1976 til og med sesongen 2013-2014 viser eit klart bilete for skitrekk. Innrapporterte personskadar som skuldast alpinisten sin eigen åtferd er regna som klart største årsak til både lettare og alvorlegare personskadar. I 64 innrapporterte hendingar med skitau er årsakene til personskadar jamt fordelt mellom alpinisten sin eigen åtferd og teknisk svikt.

Statens jernbanetilsyn fører tilsyn med i hovudsak seks typar taubaner.

Tala blei presenterte på ein internasjonal konferanse for tilsynsstyresmakter for taubaner (ITTAB). Konferansen blir arrangert i Oslo av Statens jernbanetilsyn denne veka. ITTAB blir arrangert for 64. gong, og femte gong i Noreg. Rundt 50 deltakarar frå 17 land verda rundt er samla i fire dagar.

Uoppmerksame alpinistar

Personskadar i skitrekk består hovudsakleg i at alpinisten ikkje er oppmerksam nok undervegs eller ikkje får løyst seg fri frå skitrekket på plassen dei stig av. I skitau skuldast også dei fleste skadane knytte til åtferd at alpinisten ikkje er oppmerksam. Også fall trekkjer opp statistikken for skitau.

I skitrekk skjer hendingane mest når alpinisten skal ut i bakken etter transporten opp, eller langs sjølve skitrekket. I skitau skjer klart flest hendingar under transporten.

Dei alvorlege skadane i skitrekk består typisk av ryggskadar eller opne og kompliserte brot. Dei mindre alvorlege skadane er i hovudsak mindre kompliserte brot og avrivne leddband eller sener.

Dei alvorlege skadane i skitau er for det meste avrivne fingrar eller kveling. Dei mindre alvorlege skadane er i stor grad skrammer og klemskadar.

Dødsulukker blant gjester i taubaner i Noreg har ikkje skjedd sida 1979. Les meir om risikobiletet for taubaner.

Mange skadar kan unngåast

– Ein stor del av desse personskadane i skiheisane kan den einskilde alpinisten sjølv hjelpe til å unngå, seier avdelingsdirektør Arnstein Skogset i Statens jernbanetilsyn. Han gir følgjande råd for ei tryggare og hyggjelegare oppleving i skibakken:

  • Følg anvisningar frå heisførar og frå skilt
  • Ver like konsentrert i skiheisen som du er nedover bakken
  • Forbered deg på avstiging i god tid
  • Slepp T-kroken eller tallerkenen kontrollert for å unngå at den hekter seg i tauet eller i andre alpinistar
  • Varsle heisførar dersom det er noko ved skiheisen du meiner er usikkert.

Tryggleiksrapport 2013

Om lag 95 prosent av Noreg sine nesten 800 taubaner blir nytta i alpinanlegg. Statens jernbanetilsyn har som samfunnsoppdrag å sørge for føremålstenlege sikkerhetsregler og påse gjennom tilsyn og veiledning at eierne av taubanene er kjent med, forstår og etterlever sikkerhetsreglene.

Les meir i tryggleiksrapporten for taubane 2013.