Skjema for rapport etter magnetinduktiv prøving
- Du skal alltid sende inn rapport etter magnetinduktiv prøving – òg når det ikkje er funne skade på tauet. Du kryssar då av for «ingen tiltak nødvendig».
- Fyll ut det elektroniske skjemaet under (krev innlogging).
- Legg ved ein elektronisk versjon av rapporten til skjemaet før du sender det.
Bruk dette skjemaet for å sende inn rapport etter magnetinduktiv prøving.
Skjema for rapport etter gjennomførte tiltak
Dersom prøvinga viser at det trengst å bli gjennomført tiltak, må du òg senda inn ein rapport om at tiltak er gjennomførte. Tiltak kan til dømes vere byte av tau.
Bruk dette skjemaet for å sende inn rapport om gjennomførte tiltak etter magnetinduktiv prøving.
Kva dersom eg ikkje kan sende rapport og planlagde tiltak elektronisk?
Då kan du få rettleiing av oss på telefon 22 99 59 00.
Kva gjer tilsynet når dei mottek kopi av rapport og planlagde tiltak?
Vi vil sjå om det er samsvar mellom rapporten og planlagde tiltak.
Kva skjer dersom tilsynet ikkje mottek kopi av rapport og planlagde tiltak eller stadfesting på at tiltak er gjennomført?
Dersom du ikkje kan dokumentere at magnetinduktiv prøving er gjort og nødvendige tiltak er gjennomførte, kan det vere grunnlag for å påby at anlegget blir stansa inntil tauet er dokumentert i orden.
Vi oppmodar til å sende inn kopi av rapport og tiltaksplan så raskt som mogeleg for å unngå unødig påminning. Det same gjeld stadfesting på at tiltak er gjennomført.