Meiner du at du er kvalifisert i medhald av forskrifta og ønskjer å kome med på tilsynet si liste over firma som utfører magnetinduktiv prøving?
Ta kontakt med tilsynet på e-post.
Gjennomføring og rapportering
Den magnetinduktive prøvinga skal bli gjennomført i tråd med standarden «NS-EN 12927:2019 Sikkerhetskrav for taubane – installasjoner for persontransport – Tau». Standarden inneheld også krav til rapporten. Rapporten blir send den som har bestilt den magnetinduktive prøvinga.
Tolkinga av prøveresultata bør bli formidla på ein slik måte i rapporten at den som har ansvaret for tauet lett kan avgjere kva praktiske tiltak som er nødvendige.
Tilsynet si oppfølging av magnetinduktiv prøving
Verksemda skal sende inn rapport elektronisk etter magnetinduktiv prøving til oss saman med ein tiltaksplan. Det vil derfor vere ein fordel for verksemda om rapporten finst elektronisk frå den som skriv ut rapporten.