Kva er ein jarnbanepakke?

Publisert: 29.11.2016   Endret: 22.10.2019

Jernbanestasjon i Basel.Transport over landegrensene på jarnbana har vore hindra av at jarnbanesektoren i Europa er delt opp i nasjonale marknader med ulike tekniske løysingar, ulik organisering og ulike reglar. EU har forsøk å løyse desse problema gjennom dei såkalla jarnbanepakkane. Jarnbanepakkane er eit samlenamn på samlingar av direktiv og forordningar. Direktiv skal harmonisere tekniske krav og behandling av søknader.

Kva skal jarnbanepakkane føre til?

EU ønskjer å fremje konkurranse, også på jarnbana. Kostnadene til jarnbanetransport skal reduserast og kvaliteten aukast. Eit anna mål er å auke effektiviteten og konkurransekrafta til jarnbana i forhold til andre transportformer, som vegtransport.

Kor mange jarnbanepakkar finst?

I dag er det fire jarnbanepakkar som regulerer ulike område av jarnbana:

  • Den fyrste jarnbanepakken handlar mest om frakt av gods med tog over landegrensene. Pakken klargjer også forholdet mellom infrastrukturforvaltar (for eksempel Bane NOR) og togselskapa (for eksempel Vy, CargoNet, osv.). Pakken er sidan revidert, blant anna med regelverk om konkurranse på like vilkår.
  • Den andre jarnbanepakken handlar om å opne for konkurranse på innanlands godstransport. Nye føretak kan etablere seg i Noreg for å utføre godstransport. Pakken handlar også om å ha ein felles strategi for sikkerheit.
  • Den tredje jarnbanepakken handlar om persontransport som kryssar landegrensene og om passasjerrettar. Pakken harmoniserer også vilkår for å sertifisere lokførarar i EØS.
  • Den fjerde jarnbanepakken skal fullføre det indre marknaden på jarnbaneområdet. Jarnbanepakken skal harmonisere tekniske føresegner og opne for konkurranse innan persontransport på det nasjonale jarnbanenettet. Noreg kan innføre EU sin fjerde jarnbanepakke i norsk rett i juni 2020.

Kva er SJT si rolle i arbeidet med jarnbanepakker?

SJT gir innspel til det førebuande arbeidet som dannar grunnlaget for EU-kommisjonen sitt forslag til direktiv. Blant anna deltek SJT i arbeidsgrupper i Det europeiske jarnbanebyrået.

Dersom eit direktiv om jarnbane blir vedteken i EU, og direktivet blir innlema i EØS-avtalen, vil Samferdselsdepartementet eller SJT ha oppgåva med å gjennomføre direktivet i Noreg.