Kva er den fjerde jernbanepakken?

Spørsmål og svar om EU sin fjerde jernbanepakke.

Publisert: 24.01.2019   Endret: 09.10.2019

Kva er den fjerde jernbanepakken?

EU sin fjerde jernbanepakke består av seks direktiv og forordningar utforma for å fullføre det indre marknaden for jernbanetenester i Europa. Direktiv må innarbeidast i nasjonale lover og forskrifter, mens forordningar blir tekne direkte inn i nasjonal rett slik dei er.

Aktørane på det nasjonale jernbanenettet i Noreg må nytte nye reglar og søknadsprosessar dersom Stortinget vedtek at Noreg skal slutte seg til den fjerde jernbanepakken. Dei nye reglane som følgjer av den fjerde jernbanepakken kan delast i tre hovudkategoriar: sikkerhet, samtrafikk og konkurranse. Dei nye prosessane vil i størst grad påverke aktørane som vil køyre tog mellom fleire land – grensekryssande trafikk.

Når vil saka bli fremma til behandling i Noreg?

Samferdselsdepartementet har gjennomførd ei høyring om å innføre den fjerde jernbanepakken i Noreg. Med bakgrunn i høyringa arbeider Samferdselsdepartementet med ein lov- og samtykkeproposisjon som skal sendast Stortinget.

Når vil EUs fjerde jernbanepakke bli innlemma i EØS-avtalen?

Dette er det for tida vanskeleg å seie noko sikkert om. Dette avheng også av behandlinga i dei andre EØS-landa.

Kven vil bli omfatta av endringane som kan kome?

Endringane i den fjerde jernbanepakken vil omfatta alle som:

  • produserer eller endrar køyrety som blir brukt på jernbana
  • driv trafikkverksemd
  • forvaltar infrastruktur
  • regulerer sikkerheit og samtrafikk på jernbana
  • søkjer om løyve for køyrety og infrastruktur og sikkerheitssertifikat
  • gir kontraktar om offentlege tenesteyting av persontransport med jernbane

Kva strekningar og tog blir omhandla?

Den fjerde jernbanepakken vil gjelde heile jernbanenettet. Sidespor, museumsbane og trikk/T-bane blir ikkje omfatta.

Skal Det europeiske jernbanebyrået gjennomføre tilsyn med jernbaneføretak?

Nei. I saker der Det europeiske jernbanebyrået treffer vedtak, har dei nasjonale sikkerheitsmyndighetene ansvaret for å følgje opp gjennom tilsyn, slik som i dag. Jernbaneføretak som får felles sikkerheitssertifikat av byrået er gjenstand for tilsyn frå Statens jernbanetilsyn når dei opererer i Noreg.

Blir reglene om føraropplæring og førarkompetanse påverka?

Nei. Den fjerde jernbanepakken endrar ikkje krav til opplæring og kompetanse for lokkførarar. Førardirektivet er ikkje ein del av den fjerde jernbanepakken. For å kunne køyre tog i Noreg må lokkførarar ha sertifikat som omfattar kompetanse for køyring på dei aktuelle norske strekningane med det aktuelle togmateriellet og beherske norsk på eit gitt nivå.

Les meir om krav til og opplæring av førarar.

Kan Statens jernbanetilsyn framleis gi sikkerheitssertifikat og løyve til å ta i bruk togmateriell?

Dersom eit jernbaneføretak berre skal drive i Noreg, kan føretaket velje om det ønske at anten Statens jarnbanetilsyn eller Det europeiske jernbanebyrået skal behandle søknaden. Dersom Statens jernbanetilsyn behandlar søknaden, vil sertifikatet og tillatelsen berre gjelde i Noreg. Dersom føretaket seinare vil drive verksemd også i andre land i EU/EØS-området, må føretaket søkje om å få utvida sertifikat og løyve. Då skal Det europeiske jernbanebyrået vere saksbehandlar.

Finst det unntak frå hovudregelen om å leggje offentlege kontraktar ut på tilbod?

EU sin fjerde jernbanepakke opnar for å gi kontraktar direkte (altså utan konkurranse) i visse tilfelle:

  • Når særlege omstende gjer at direktetildeling av kontrakten vil gi betre kvalitet på tenestene og/eller høgare kostnadseffektivitet
  • Når kontraktsverdien er låg eller transporten har avgrensa omfang
  • Som hastetiltak ved fare for trafikkavbrot
  • Av omsyn til pågåande tilbodskonkurransar

I det fyrste alternativet kan Jernbanedirektoratet som kompetent styresmakt gi kontraktar direkte. Endringar i EU si kollektivtransportforordning har ein føresetnad for direktetildelinga. Den skal bli betrakta som «berettiget ut fra de relevante strukturelle og geografiske særtrekkene i markedet og jernbanenettet, særleg med hensyn til størrelse, særtrekk ved etterspørselen, jernbanenettets kompleksitet, teknisk og geografisk isolasjon og de tjenestene som omfattes av kontrakten». I slike tilfelle kan eit uavhengig organ gjere vurderinga. Det vil seie at ein aktør kan be om at det blir vurdert om forordninga sine vilkår for direktetildeling er oppfylt. Samferdselsdepartementet har foreslått at denne oppgåva blir gitt til Statens jernbanetilsyn som marknadsovervakingsorgan.

Finst det unnatak frå retten til fri etablering av persontransport på sporet?

EU/EØS-landa kan berre nekte eit jernbaneføretak å etablere eller utvide kommersiell persontransport vesentleg dersom dette vil skade den økonomiske likevekta i ein offentleg tenestekontrakt om persontransport.

Det nasjonale marknadsovervakingsorganet for jernbane skal vurdere korleis den økonomisk likevekta i ein offentleg tenestekontrakt blir påverka av nye kommersielle tenester. I Noreg har Statens jernbanetilsyn rolle som marknadsovervakingsorgan. I Noreg vil følgjande aktørar kunne be om ein test av om den økonomiske likevekta i ein offentleg tenestekontrakt er skadd: jernbaneføretak som har ein etablert offentleg tenestekontrakt på relevant strekning, Jernbanedirektoratet og Bane NOR.

Landa kan likevel godta ei kommersiell etablering eller utviding sjølv om etableringa vil føre til at den økonomiske likevekta i ein offentleg tenestekontrakt blir skadd.

Tek Det europeiske jernbanebyrået høgde for lokale forhold ved løyve til å ta i bruk et køyrety?

I tilfella der Det europeiske jernbanebyrået gir løyve, må byrået rådføre seg med den nasjonale sikkerheitsmyndigheten for køyretyet sitt bruksområde. I Noreg er dette Statens jernbanetilsyn. Den nasjonale sikkerheitsmyndigheten vurderer søknaden om løyve til å ta i bruk eit køyrety med omsyn til relevante forhold i medlemslandet og nasjonale reglar.

Skal søknaden sendast gjennom portalen one-stop shop sjøl om køyretyet berre skal nyttast nasjonalt?

Ja, det skal søkjast gjennom søknadsportalen one-stop shop for alle køyrety som blir omfatta av samtrafikkforskrifta. Når bruksområdet er avgrensa til eitt medlemsland, vel søkjaren Det europeiske jernbanebyrået eller den nasjonale sikkerheitsmyndigheten i medlemslandet – i Noreg er det Statens jernbanetilsyn. I alle tilfelle kor eit bruksområde dekkjer meir enn eitt medlemsland, er Det europeiske jernbanebyrået ansvarlege for å gi løyve.

Kor lang tid tek det å saksbehandle søknader om løyve til å ta i bruk eit køyrety?

Den som gir løyva er pålagt å gjennomføre ein kontroll av om søknaden er komplett innan ein månad. For å vurdere om køyretyet er i samsvar med ein køyretytype som allereie er tillate teke i bruk, skal også avgjerda treffast innan ein månad. For andre løyvessaker må det fattast ei avgjerd innan fire månader etter at det er stadfesta at søknaden er komplett.

Tidsfristen kan forlengjast dersom prosessen for løyve må vente for at søkjaren skal kome med ytterlegare informasjon som blir etterspurd i saksbehandlinga.

Kvar skal søknad om sikkerheitssertifikat sendast?

Søknaden blir send gjennom søknadsportalen one-stop shop. Når bruksområdet er avgrensa til eitt medlemsland, vel søkjaren Det europeiske jernbanebyrået eller den nasjonale sikkerheitsmyndigheten i medlemslandet – i Noreg er det Statens jernbanetilsyn. I alle tilfelle kor eit bruksområde dekkjer meir enn eitt medlemsland, er Det europeiske jernbanebyrået ansvarlege for å gi sikkerheitssertifikatet.

Korleis bidreg Noreg til arbeidet i Det europeiske jernbanebyrået?

På vegne av Noreg deltek Statens jernbanetilsyn i byrået sitt arbeid. Vidare er Noreg representert i byrået sitt styre, men utan stemmerett. I tillegg får fleire bransjeorganisasjonar delta i byrået sitt arbeid. Her er norske verksemder og organisasjonar representerte gjennom dei europeiske paraplyorganisasjonane sine. Norske borgarar kan få jobb i Det europeiske jernbanebyrået på lik linje med EU-borgarar.

Samla bidreg dette til at kunnskap om norske forhold og metodar blir spelte inn i byrået sitt arbeid med koordinering og utvikling av jarnbanesektoren.

Alle artiklar om den fjerde jernbanepakken blir samla på denne sida.