Seinkingar og innstillingar

Om dine rettar ved seinkingar og innstillingar.

Publisert: 14.12.2016   Endret: 14.12.2016

Reglar for erstatning ved seinkingar og innstillingar kan grovt sett verta delt inn i to kategoriar:

  • Fyrste kategori inneheld føresegn for når ein seinking på over 60 minutt med rimelegheit kan verta venta ved framkomst.
  • Annan kategori inneheld føresegn for refusjon av billettprisen ved seinka framkomst til endeleg reisemål. Ved berekning av seinkingas lengde tek ein utgangspunkt i differansen mellom faktisk og planlagt framkomsttid.

Krav på erstatning eller assistanse gjeld ikkje når seinkinga eller innstillinga kjem av omstende som transportøren ikkje har hatt høve til å unngå. Skade som har sin årsak i passasjeren sjølv, tredjemann eller omstende som ikkje kan verta knytte til jernbanedrifta, vert ikkje omfatta av transportøransvaret etter passasjerrettslovboden.

Tapt korrespondanse vert berre omfatta av transportøransvaret når heile reisa vert tinga hjå eit og same føretak.

Rettar når ein seinking med rimelegheit kan verta forventa

Rettane vert gjort verksame når ein seinking på over 60 minutt med rimelegheit kan verte forventa ved framkomst til billettens reisemål. Seinkinga kan skje før avreise eller under reisa. Når ein slik seinking med rimelegheit kan verta forventa, skal passasjeren med ein gong få valet mellom:

a) Refusjon av billetten i sin heilskap eller deler av billetten

  • for del av reisa som enno ikkje er gjennomført;
  • for del av reisa som er gjennomført, dersom føremålet med reisa ikkje lenger er av interesse med omsyn til passasjerens opphavlege reiseplan. For dette tilfallet har passasjeren krav på ein returbillett til avreisestad ved fyrste høve.

b) Framhald av reisa eller omlegging av reisa på liknande reisevilkår

  • til endeleg reisemål ved fyrste høve eller
  • til endeleg reisemål på eit tidspunkt etter passasjerens ynskje

Rettar når seinkinga har skjedd

1. Dersom passasjeren, på tross av seinkinga, vel å fortsetta reisa, har vedkomande krav på erstatning frå jernbaneføretaket.

Minste erstatningsbeløp for seinkingar er:

  • 25 % av billettprisen for seinkingar på 60 til 119 minutt,
  • 50 % av billettprisen for seinkingar på 120 minutt eller meir

Gjeld billetten også returreisa, skal erstatninga verte utbetalt opp mot halve billettprisen. Erstatning for billetter som omfattar fleire strekningar, reknast ut frå full pris. Erstatninga skal verte utbetalt innan 1 månad etter at erstatningskravet vart fremma overfor jernbaneselskapet.

Ingen erstatning vert utbetalt

  • dersom erstatningsbeløpet er under 4 €
  • dersom passasjeren har vorte informert om seinkinga før kjøp av billetten,
  • dersom passasjeren har reisebevis eller periodekort. Men ved gjentekne seinkingar har passasjerar med reisebevis eller periodekort krav på samhøvande erstatning.

2. Assistanse

Jernbaneføretaka skal informera passasjerane om seinkingar og innstillingar så snart slik informasjon er tilgjengeleg. Ved seinkingar på over 60 minutt skal passasjerar verta tilbode mat og drikke i rimeleg utstrekning. Jernbaneføretaka skal innkvartera og transportera passasjerar til og frå overnattingsstad, dersom ein seinking på over 60 minutt gjer det nødvendig med ein eller fleire overnattingar. Jernbaneføretaka skal også erstatte utgiftar passasjerar har med å informera personer som venter ved framkomststadet.

Dersom reisa ikkje kan gjennomførast i samsvar med opphavleg reiseplan, skal jernbaneføretaket organisera alternative transporttenester, slik at passasjerane kjem fram til endeleg reisemål.

3. Ytterlegare fylgjer av seinkingen

Seinkinga kan ha omfattande fylgjer for passasjerane: Hotellreservasjonen fell bort eller passasjerar mister flyavgangar.

Merk: Jernbaneføretaka har ingen plikt til å erstatta slike tap.