Funksjonshemming eller nedsett rørsle

Om rettane til passasjerar med funksjonshemming eller nedsett rørsle.

Publisert: 14.12.2016   Endret: 14.12.2016

Rettar

Jernbaneføretak og stasjonsleiarar skal gje form til og etablera reglar for transport som ikkje diskriminerer funksjons- og rørslehemma. Dette skal verta gjort i samarbeid med samskipnader som er representative for denne gruppa. Funksjonshemma og rørslehemma skal ikkje verta pålagt ekstra kostnader ved kjøp av billett.

Utferding av billett, spesielle vilkår

Eit jernbaneføretak, ein billettutferdar eller ein reiseoperatør kan ikkje nekta å utferda billett til ein funksjonshemma eller rørslehemma person. Dei kan heller ikkje krevje at vedkomande har fylgjesvein, unnateken om dette er strengt naudsyne. Dersom billett vert nekta utferda eller at ein krev fylgjesvein, skal jernbaneføretaket, billettutferdar eller reiseoperatøren ved førespurnad gje skriftleg grunngjeving for dette innan fem verkedagar frå nektinga skjer eller kravet om fylgjesvein vert stilla.

Informasjon

Ved førespurnad skal jernbaneføretak, billettutferdar eller reiseoperatør informera om jernbanetenesta sin tilgjengelegheit og om hjelpemidlar om bord i toga. Det skal også verta informert om fastsette reglar for transport av funksjonshemma og rørslehemma.

Ved ubetente stasjonar skal det vera lett tilgjengeleg informasjon om næraste betente stasjon og om tilgjengeleg assistanse til funksjonshemma og rørslehemma personar.

Tilgjengelegheit

Jernbaneføretak og stasjonsleiarar skal syte for at alle fasilitetar vert lagt til rette for funksjonshemma og rørslehemma i samsvar med dei reglar som gjeld. Dersom det ikkje finst personell som kan tilbode assistanse om bord på toget eller på stasjonen, skal jernbaneføretaket og stasjonsleiaren treffa alle rimelege tiltak for å syte for at funksjonshemma eller rørslehemma jamvel har høve til å reisa med tog.

Rett til assistanse

Jernbaneføretak og stasjonsleiaren skal tilbode kostnadsfri assistanse til funksjonshemma og rørslehemma personar om bord, ved påstiging og ved avstiging. Om bord skal det i rimeleg grad verta gjeven assistanse slik at personen har tilgang til på same tenester som andre passasjerar.

Assistanse er avhengig av at jernbaneføretaket, personell på stasjon eller reiseoperatør vert varsla 48 timar før avgang. Inneber billetten togbyte undervegs, skal ein varsling vere nok, avhengig av at informasjon i høve med togbyte er rimeleg tilgjengeleg. Dersom slikt varsel ikkje vert gjeven, skal jernbaneføretak og stasjonsleiaren jamvel treffa alle rimelege tiltak for at personen skal kunne reisa. Stasjonsleiar og reiseoperatør skal legga til rette for enkel varsling ved behov for assistanse.

Dersom den funksjonshemma eller rørslehemma personen skal møta opp til eit avtalt tidspunkt for avreise, skal tidspunktet ikkje vera tidlegare enn 60 minutter før avreise eller før andre passasjerar må møte opp. Dersom det ikkje er avtalt tidspunkt for frammøte, skal passasjeren møte opp på stasjonen 30 minutt før togets avgang eller før dei andre passasjerane passasjerane må møta opp.

Skade eller tap av utstyr

Erstatningsansvar for heil eller delvis skade på eller tap av utstyr som nyttast og vert brakt med av funksjonshemma eller rørslehemma personar, kan ikkje verta avgrensa oppover.