Billettar på jernbanen

Som togpassasjer har du visse rettar når det gjeld billettar.

Du skal kunne kjøpe billettar på minst ein av følgjande måtar:

  • i billettkontor
  • i salgsautomat
  • om bord på tog
  • via telefon, internett eller liknande

Du skal så langt som rå få tilbud om gjennomgåande billettar og plassreservasjonar.

Dersom det ikkje finst billettkontor eller salgsautomat på avreisestasjonen, skal du på stasjonsområdet få informasjon om korleis du kan kjøpe billettar om bord på toget eller via telefon eller internett.

Dei allmenne vilkår for transport fastset forma på billettane og informasjonen som vert trykt på dei. Du må forsikra deg om at billetten som du kjøper er riktig. Billetten kan bli overdratt dersom den ikkje er utferda til eit spesielt namn og dersom reisa ikkje er starta. Dei allmenne vilkår for transport fastslår vilkåra for refundering av billett.

Sykkel

Du kan ta med sykkel på tog om den er lett å handtere, om det ikkje er til bry for den spesifikke jernbanetenesta, og dersom jernbanetenesta tillét det. Jernbaneføretaket kan ta betalt dersom du tar med sykkel.