Kva er tilsyn?

Kjernen i tilsynsrolla er å sjå til at verksemdene etterlever regelverket.

Den mest synlege delen av tilsynet vårt er når vi møter opp hos ei verksemd for å sjekke tilstanden til eit anlegg eller eit køyretøy, men dette er berre ein liten del av tilsynsverksemda.

Vi fører tilsyn med over 30 jernbaneverksemder med tusenvis av aktivitetar og tekniske løysingar over heile landet. For oss er det verken mogleg eller nødvendig å kontrollere alt kvart år. Regelverket er utforma slik at det er verksemdene sjølve som har det totale ansvaret for å drive forsvarleg når det gjeld sikkerheit og sikring. Det betyr også at selskapa har fridom til sjølve å finne dei beste løysingane innanfor dei rammene som forskriftene gir.

Styringssystem

Vi stiller krav om kontroll i form av eit styringssystem. Eit innarbeidd styringssystem skal sørgje for at nivået på sikkerheit og sikring er god kvar dag året rundt, ikkje berre dei dagane vi er på besøk. Verksemda skal bruke styringssystemet til å grunngi korleis krava i forskriftene skal takast hand om – ikkje minst når forskrifta gir funksjonskrav.

Les våre rettleiarar om styring av sikkerheit

Risikobasert tilsyn

Vi bruker mest ressursar der vi vurderer at risikoen for ulykker er størst. Risikoen blir vurdert ut frå omfanget av transportarbeidet justert for ei rekkje faktorar som topografi, organisatoriske forhold, erfaring frå tidlegare tilsyn og uhellsrapportering. 

Døme på element som aukar risikoen:

  • Køyrer mange kilometer kvart år.
  • Køyrer i høg fart.
  • Køyrer på strekningar der infrastrukturen ikkje er i god stand.
  • Har mange oppdrag av ulik karakter, til dømes passasjer- og godstransport på mange ulike stadar i landet.
  • Har mangelfull styring av verksemda, noko som gir alvorlege og fleire avvik.

Verksemder som vi vurderer at kan ha høg risiko, vil få tettare oppfølging og hyppigare tilsyn.

Tilsynsformer

Vi bruker i hovudsak fem tilsynsformer:

Systemrevisjon

Ein revisjon er ein planlagd og systematisk gjennomgang av heile eller delar av styringssystemet for sikkerheit. For å avgjere om verksemda etterlever krava, går vi gjennom skriftleg dokumentasjon og intervjuar representantar for verksemda. Vi verifiserer gjennom stikkprøver om styringssystemet for sikkerheit fungerer i praksis. Verifikasjonen kan bestå av at vi undersøkjer tekniske innretningar, register, databasar, rutinar i praksis eller anna. Ein revisjon blir normalt varsla cirka fem veker på førehand.

Inspeksjon/operativ kontroll

Ein inspeksjon eller operativ kontroll kan skje umeld eller bli varsla på førehand. Hensikta er å ta stikkprøver for å sjå om verksemda følgjer krava i lovverket og eigne føresegner.

Leiarmøte

Møte med den øvste leiinga i ei verksemd er å undersøkje korleis leiinga utøver ansvaret sitt for sikkerheit og sikring, og om sikkerheits- og sikringstiltak blir høgt nok prioritert.

Tilsynsmøte

Eit tilsyn basert på eit møte der fleire representantar frå verksemda er til stades samtidig. Eit tilsynsmøte kan ha eit avgrensa tema, til dømes oppfølging av tidlegare tilsyn.

Dokumenttilsyn

Gjennomgang av dokumentasjon innhenta frå ei verksemd relatert til spesifikke operasjonar, prosedyrar eller analysar.

Brot på regelverk

Vi gir pålegg om å rette eventuelle avvik frå regelverket. 

Ved alvorlege tilfelle kan vi bruke desse sanksjonsmidla:

  • Stans av drift.
  • Suspensjon av løyve til å drive verksemd eller innretning.
  • Tvangsmulkt.
  • Tilbakekalling av retten til å drive ei verksemd eller innretning, det vil seie inndraging av lisens, sikkerheitssertifikat eller løyve.

Kunnskap og oversikt

Erfaringsdata frå tilsyn legg mykje av grunnlaget for prioriteringane. I tillegg får vi inn over 30 000 rapportar om uønskte hendingar kvart år. Les meir om ulykkesstatistikk.

Formidling av resultat

Resultat frå tilsyn og statistikk frå uhellsrapportering blir formidla på ulike måtar, til dømes i tilsynsrapportar, rettleiarar, årslege sikkerheitsrapportar, årsrapportar, bransjemøte, konferansar og media.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemelding om innholdet på denne siden.
Det oppstod en feil under henting av captcha-bilde