Marknadstilsyn

SJT fører marknadstilsyn for å følgje opp at produsentane varetek ansvaret sitt.

Sentralt i EØS står prinsippet om «dei fire fridomane», det vil seie at det som hovudregel skal vere fritt varebyte over landegrensene, fri rørsleevne for arbeidstakarar, fritt tilgjenge for borgarar i eitt land til å yte tenester i eit anna, og fri rørsle av kapital.

Marknadstilsyn er å verifisere at ulike produkt er i samsvar med grunnleggjande krav i EU-direktiv. Slike produkt kan fritt omsetjast i heile EU/EØS-området. Produsentane sjølv skal forsikre seg om at produkta oppfyller dei grunnleggjande krava. Krava er melde i dei spesifikke direktiva. Ein måte å oppfylle krava på er å produsere i medhald av harmoniserte standardar.

SJT fører marknadstilsyn med produkt som samtrafikkomponentar på jarnbane og sikkerheitskomponentar på taubane for å følgje opp at produsentane varetek ansvaret sitt. Om vi finn produkt som ikkje oppfyller krava, kan vi krevje at produsenten gjer nødvendige endringar for at produktet skal oppfylle krava. I siste instans kan vi vedta at produktet skal trekkjast frå marknaden.

Meir om samtrafikkomponentar.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemelding om innholdet på denne siden.
Det oppstod en feil under henting av captcha-bilde