I Noreg er det eit krav til nødkommunikasjon for tog. Dette kravet er tatt vare på ved at det i førarrommet er fastmontert ein GSM-R 8 watts togradio. I tillegg kan det brukast ein GSM-R 2 watt sin handheldt togradio. Sistnemnde blir brukt blant anna av personell om bord.
I enkelte situasjonar vil GSM-R 2 watt sin handheldt togradio vere einaste tilgjengelege kommunikasjon, som ved evakuering. Derfor har Statens jernbanetilsyn (SJT) sett gjennom innrapporterte hendingar for å få eit inntrykk av korleis GSM-R 2 watt sin handheldt togradio fungerer.
For å avgrense analysen har SJT sett berre på strekningane Nordlandsbanen, Bergensbanen og Sørlandsbanen. SJT har analysert 159 innrapporteringar om feil/manglar knytt til GSM-R 2 watt sin handheldt togradio i perioden 1. januar 2018 til 30. april 2019.
Innspel til Bane NOR om problema
Analysen indikerer at GSM-R 2 watt sin handheldt togradio ikkje alltid fungerer som forutsett. Jarnbaneverksemdene må ha ei oppfatning om behovet for barrierar (kompenserande tiltak) når GSM-R 2 watt sin handheldte togradio ikkje verkar som forutsett, som for eksempel i vernebuingssituasjonar.
SJT har gitt innspel til Bane NOR om problem med GSM-R 2 watt sin handheldte togradio, slik at Bane NOR kan ta med innspelet i arbeidet sitt med oppdatering av vernebuingsanalysar – og revidering av verneplanar. Planane skal koordinerast med jarnbaneføretaka. SJT følgjer opp Bane NORS vernebuingsarbeid.
Mangelfull informasjon om hendingane
Analysen av innrapporteringane viser for det meste tre årsaker:
- dårleg eller inga dekning
- brukarfeil
- feil på sjølve togradioeininga
For mange av innrapporteringane er det vanskeleg for SJT å vurdere kva som er årsaka til problemet. Det er viktig at verksemdene registrerer all nødvendig informasjon for å gjere det enklare å fastslå årsakene. Utførleg registrering er vesentleg i arbeidet med å vurdere kompenserande tiltak.