Kvifor skal det ikkje byggjast nye planovergangar?

Planovergangar utgjer den nest største ulykkeskategorien på jarnbana i Noreg og resten av Europa.

Publisert: 02.07.2018   Endret: 02.07.2018

Planovergangar utgjer den nest største ulykkeskategorien på jarnbana i Noreg og resten av Europa. Berre ferdsel i spor er større. I 10-årsperioden 2008-2017 inntrefte 21 jarnbaneulukker på planovergangar i Noreg, med 14 døde og åtte alvorleg skadde personar. Desse tala omfattar jarnbanenettet, trikk og T-bane.

På bakgrunn av ulykkesbiletet, og den store risikoen for ulukker, har Noreg innført føresegner i regelverket for å redusere etableringa av nye planovergangar. Nye stasjonar og haldeplassar må i staden ha under- eller overgangar, slik at folk ikkje treng å krysse spora. Regelverket har ikkje tilbakeverkande kraft. Derfor kan planovergangar behaldast ved oppussing av gamle stasjonar og haldeplassar.

11 av dei 21 ulukkene skjedde på overgangar med vegsikringsanlegg (bom, lys- og lydsignal). Her døde åtte personar, mens tre blei alvorleg skatt. Fleirtalet av hendingar på overgangar med vegsikringsanlegg var samanstøyt mellom tog og person. På planovergangar utan vegsikringsanlegg utgjer samanstøyt mellom tog og køyrety fleirtalet. Her døydde seks personar, mens fem personar blei alvorleg skadde.

Tre av dei 21 hendingane var samanstøyt mellom tog og eit køyrety som var tyngre enn personbil. I desse tilfella utgjer hendingane også ein fare for tog og passasjerar. Resultatet kan bli ei større ulukke, med tap av fleire menneskeliv og store materielle skadar. Eksempelvis kolliderte eit tog med ei vegskrape på ein planovergang på Østfoldbanen i januar 2018. Tre personar om bord i toget blei lettare skadt. Vegskrapa blei totalvraket, og fronten på toget fekk store skadar.