Hjelp til skjemafelter

Publisert: 21.09.2016   Endret: 21.09.2016

Førebels vurdering av årsak

Med bakgrunn i informasjon på rapporteringstidspunktet ser den førebelse vurderinga av årsaka ut til å vere relatert til ein av følgjande

Med vurdering av årsak meiner vi handling, forsøming, hending eller vilkår som resulterte i hendinga eller ulukka. Eks. feilhandling frå tilsett, feil/manglar i infrastruktur osv.

Eksempla er ikkje meinte å vere utfyllande, men berre eksempel på nokre årsaker i den aktuelle kategorien.

Tredjeperson

Einkvar person som ikkje er å rekne som tilsett eller passasjer. Eks. personar på plattform, person som kryssar spor, planovergangsbrukarar som ignorerer planovergangssignal og går over, gjenstandar blir kasta på tog eller i spor osv.

Passasjer

Einkvar person, som gjer ei reise med jarnbanekøyrety. Avgrensa til når dei er inne i køyretyet og ved av- og påstigning

Infrastruktur

Feil/manglar knytt til signal, skiltar, planovergangar, spor, plattformer osv. Eks. teknisk signalfall, trær over spor, skjenebrot, ras, ikkje synleg planovergangssignal.

Rullande materiell

Feil/manglar knytt til trikkar, T-banevogner, gods- og personvogner, lokomotiv, motorvognsett, arbeidsmaskiner osv. Eks. akselbrot, røykutvikling, "tjuvbremsing", feil på ATC om bord.

Tilsett

Tilsett i eige jarnbaneverksemd eller tilsett i ei anna jarnbaneverksemd, medrekna underleverandørar. Eks. arbeid i og ved spor, feil utføring av avgangsprosedyre, køyring i for høg fart.

Anna/ukjent

Brukes når årsaka ikkje er relatert til nokre av dei ovanfor, eller ikkje er kjend på rapporteringstidspunktet.