Død eller skade

Togselskapa kan ha erstatningsansvar dersom passasjerar dør eller kjem til skade.

Erstatningsansvar

Jernbaneføretaka skal betale ut erstatning om død, personskade eller anna fysisk eller psykisk skade kjem av ei ulykke som inntreff i høve med jernbanedrifta. Dette gjeld når ulykka skjer medan passasjeren er om bord, på veg inn i eller på veg ut av eit tog. Det er gitt ulike reglar for død, personskade og anna fysisk skade. Reglane kjem fram i jernbanepassasjerrettighetsforskrifta.

Erstatning ved død

Erstatninga skal omfatta alle nødvendige kostnader i høve med dødsfallet, medrekna utgifter i tilfelle med transport og gravferd.

Dersom den avdøde hadde eller ville ha hatt ein lovbunden forsørgjarplikt overfor personer som ved dødsfallet mister sin forsørgjar, skal det tapet erstattast.

Erstatning ved personskade

I tilfelle av personskade eller anna fysisk eller psykisk skade, skal erstatninga omfatte:

  • nødvendige kostnadar, særskilt kostnadar til behandling og transport
  • kompensasjon for økonomisk tap forårsaka av hel eller delvis tapt arbeidsemne, eller auka behov

Ansvarsfridom

Jernbaneføretaka blir fritekne for erstatningsplikt:

  • om ulykka er forårsaka av omstende som ikkje kan koplast til jernbaneverksemda og som operatøren ikkje kunne unngå eller forhindre følgjene av, avhengig av at operatøren har teke alle nødvendige tiltak
  • om passasjeren sjølv er skyld i ulykka
  • om ulykka er forårsaka av åtferda til ein tredjepart som transportøren ikkje har kunne unngå eller forhindre følgjene av, avhengig av om transportøren har utført alle nødvendige tiltak. Eit anna jernbaneføretak som trafikkerer på same infrastruktur reknast ikkje som ein tredjepart

Forsikring

Påbodet viser til det vanlege kravet om forsikringsdekning som vilkår for utferding av løyve (lisens), jamfør direktiv 2012/34/EU, implementert i jernbaneforskrifta. Det stilles derfor ikkje eit særskild krav til forsikringsdekning i påbodet.

Utover dette inneheld påbodet særreglar for forhandsutbetaling og stadfesting av ansvar.

Betaling på forhand

Dersom ein passasjer blir drepen eller skadd, skal jernbaneføretaket omgåande og under ingen omstende seinare enn 15 dagar etter at den erstatningsrettkomne fysiske personens identitet er fastslått, utbetala forskotsbeløp som trengs for å dekka umiddelbare økonomiske behov, opp mot omfanget av skaden.

I tilfellet dødsfall skal forhandsbetalinga ikkje vere mindre enn 21 000 euro.

Stadfesting av ansvar

Betaling på forskot inneber ikkje å vedgå erstatningsansvar, og kan reknast ifrå eit eventuelt seinare erstatningsbeløp som utbetalast på grunnlag av gjeldande reglar. Forskotsbeløpet skal berre tilbakebetalast dersom skaden kjem av passasjeren sin forsøming eller feil, eller dersom den som har motteke forskotsbetalinga ikkje er den erstatningsrettkomne personen.

Sjølv om jernbaneføretaket nektar sitt erstatningsansvar for ein fysisk skade som ein av deira passasjerar vart påført, skal føretaket gjere sitt ytste for å støtta passasjerar som krev erstatning.