Ny forskrift om helsekrav

Med verknad frå 16. juni vedtok SJT forskrift om helsekrav for operativt personell på jarnbane og signal på tog.

Publisert: 17.06.2019   Endret: 05.07.2019

Forskrifta vidarefører helsekrav frå den tidlegare togframføringsforskrifta for einskilde personellgrupper.
For andre personellgrupper på det nasjonale jarnbanenettet er helsekrav for førarar i førarforskrifta og helsekrav for ombordpersonell i TSI-drift og trafikkstyring (TSI OPE). For personell på sidespor og museumsbane er helsekrav i sidesporforskrifta og museumsbaneforskrifta. Helsekrava for personell på T-bane og sporvei er i kravforskrifta.

Togframføringsforskrifta opphevd

Statens jernbanetilsyn (SJT) varsla tidlegare om at togframføringsforskrifta vil bli opphevd. Frå 16. juni er både togframføringsforskrifta og ERTMS-togframføringsforskrifta opphevde. I all hovudsak vil føresegnene i desse forskriftene vidareførast i TSI-drift og trafikkstyring (TSI OPE).

Ikkje føresegner om signal og skifting

Den nye forskrifta er ein revidert versjon av eit utkast SJT sende ut på høyring i april 2019. Utkastet omhandla signal, skifting og helsekrav på jarnbanenettet. Høyringssvara som omhandla signal og skifting var til dels kritiske. Det kom blant anna synspunkt om at forslaget kom for seint og at det ikkje var behov for forskriftsføresegner på området.

Basert på svara samla sett har SJT konkludert med at føresegner om signal og skifting ikkje blir forskriftsfesta i denne omgangen. Føresegner om bakendesignal på tog er framleis med i den vedtekne forskrifta.