Tilsynet sine verkemiddel blir styrkte

Staten jernbanetilsyn sine verkemiddel som sikkerheitstilsyn blei styrkt frå 2017.

Publisert: 17.02.2017   Endret: 17.02.2017

Blant anna kan tilsynet no be om informasjon direkte frå underleverandørane til jarnbaneverksemdene ved mistanke om at tryggleiken ikkje er god nok.

– Klare føresegner om makta til tilsynet er spesielt viktig no når jarnbanebransjen skal endrast, seier Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, direktør i Statens jernbanetilsyn.

Gjennom jarnbanereforma vil truleg fleire aktørar kome inn på jarnbanemarknaden – både nye jarnbaneverksemder og leverandørar. Forarbeida til lova legg vekt på å gi tilsynet dei verkemidla som trengst for å føre eit effektivt tilsyn.

Leverandørar

Jarnbanelova presiserer at det er den verksemda som har løyve til å drive jarnbaneverksemd som har ansvaret for drifta, også når dei bruker underleverandørar til delar av drifta si.

– Ansvaret for tryggleiken skal vere hos jarnbaneverksemda sjølv om dei set ut arbeidet til andre, seier Reiersøl-Johnsen.

Lova gjer det klart at alle, medrekna underleverandørar, pliktar å gi dei opplysningane som tilsynet krev. Det er opp til tilsynet å fastsetje forma som opplysningane skal gis i, for eksempel elektronisk eller på papir. Dei nye føresegnene medfører ikkje at tilsynet skal føre direkte tilsyn med ei jarnbaneverksemd sin leverandør, men at det skal vere mogeleg å verifisere funn hos ei jarnbaneverksemd gjennom å intervjue underleverandøren sin leiing og tilsett. Med dei nye regelendringane kan tilsynet også be om dokumentasjon direkte frå underleverandøren.

SJT kan be om informasjon direkte frå underleverandørar, for eksempel frå opplastarar som jobbar for godstogselskap. Foto: Geir-Rune Samstad, SJT

Samferdselsdepartementet skriv på nettsida si at regelendringane skal gi ein meir velfungerande jarnbanesektor. 

Leiinga

Ei ny føresegn gir leiinga i ei jarnbaneverksemd rett, og av og til også plikt, til å vere tilstades under tilsynet.

I enkelte tilfelle kan likevel nærværet til leiinga under eit intervju vere til hinder for den openheita som tilsynet treng for å utøve effektivt tilsyn. Tilsynet har derfor fått høvet til å nekte nærværet til leiinga der kor eit slik nærvær vil kunne føre til at formålet med tilsynet blir sett i fare, eller nærværet ikkje kan skje utan vesentleg ulempe.

Uhindra tilgang

Dei nye reglane presiserer at Statens jernbanetilsyn skal ha uhindra tilgang til einkvar plass som lova gjeld for. Dette er ei vidareføring av dagens regelverk, men dekkjer også umeldt tilsyn, det vil seie tilsyn som ikkje er varsla på førehand.

Statens jernbanetilsyn fører tilsyn med om lag 30 jarnbaneverksemder i Noreg.