Store manglar ved leverandørstyring

Somme jarnbaneverksemder har store manglar ved nokre delar av leverandørstyringa si, viser ny tilsynsrapport frå Statens jernbanetilsyn.

Publisert: 17.02.2016   Endret: 15.10.2016

Statens jernbanetilsyn har gjennomført eit omfattande dokumenttilsyn om leverandørstyring med 11 jarnbaneverksemder:

  • Boreal transport Midt-Norge AS
  • Cargolink AS
  • CargoNet AS
  • Flytoget AS
  • Grenland Rail AS
  • Keolis Norge AS
  • NSB AS
  • NSB Gjøvikbanen AS
  • Sporveien T-banen AS
  • Sporveien Trikken AS.

Tilsynet med Bybanen AS blei avbrote fordi dei mottekne kontraktane ikkje var særleg relevante for sikkerheitsstyring.

Store variasjonar

Dokumenttilsynet viser store variasjonar med tanke på i kor stor grad den einskilde jarnbaneverksemda oppfyller krava i jarnbanelovgivinga til leverandørstyring.

Somme verksemder har leverandørar med stor marknadsmakt. I nokre tilfelle er leverandørane også eigar av verksemda. Tilsynet meiner det kan verke særleg krevjande for jarnbaneverksemdene å styre slike leverandørar.

Tilsynet konstaterer at fleire av verksemdene har store manglar ved nokre delar av leverandørstyringa si.

Det gjeld mellom anna:

  • Føresegner om sikkerheitsfagleg og jarnbanefagleg kvalitetssikring ved kontraktsinngåing
  • Korleis leverandørane og underleverandørane sitt arbeid støttar opp under jarnbaneforetaket sitt sikkerheitsarbeid
  • Styring med bruk av underleverandørar (leverandørane sine leverandørar)
  • Kontroll med dokumentstyring
  • Kompetansestyring, herunder opplæring og kompetansekrav
  • Hendingsrapportering.

Statens jernbanetilsyn pålegg som hovudregel at verksemda innan ein tidsfrist identifiserer årsaka til avvika, iverkset tiltak for å fjerne avvika og årsakene til avvika og evaluerer effekten av gjennomførde tiltak.

Les tilsynsrapporten om leverandørstyring (PDF-fil).