SJT saknar tiltak hos Bane NOR

Bane NOR bør i større grad setje planar ut i livet for å rette avvik.

Publisert: 20.03.2018   Endret: 20.03.2018

SJT hadde i 2017 fire prioriterte hovudtema i tilsyn med Bane NOR:

  • vernebuing mot utilsikta hendingar
  • leverandørstyring
  • oppfølging av interne revisjonar
  • risikovurderingar

Bane NOR har for dei prioriterte tilsynstemaa sat i verk til del omfattande prosessar og identifiserte tiltak for å lukke tidlegare identifiserte avvik. Det står likevel att å setje i verk alle planar og tiltak fullt ut, samt å sjå effekt av det arbeidet som blir utført, skriv SJT i ein summerande tilsynsrapport.

Bane NOR blir pålagt generelt å lukke avvik ved å analysere årsaker, identifisere og gjennomføre tiltak for å fjerne årsakene innan gjevne fristar. I for stor grad presenterer Bane NOR innan fristane berre planar for å lukke avvika, skriv SJT

Les tilsynsrapporten om tilsyn med Bane NOR i 2017.

Sjå alle tilsynsrapportar for jernbane.