SJ ønskjer å starte ny grensekryssande teneste

SJ har meldt til SJT som marknadsovervakar at føretaket planlegg å starte ei ny teneste for persontransport mellom Oslo og Göteborg frå august 2020.

Publisert: 15.11.2019   Endret: 22.11.2019

Jarnbaneforskrifta gir føretak rett til å ta med og setje av passasjerar innanlands når føretaket driv grensekryssande transport så lenge denne retten ikkje skader den økonomiske likevekta i offentlege avtalar. Det er SJT som avgjer om denne retten skader den økonomiske likevekta.

Med bakgrunn i meldinga frå SJ varsla SJT 13. august Vygruppen AS, Jernbanedirektoratet og Bane NOR SF om at dei hadde frist 10. september til å melde inn om dei ønskjer at SJT skal vurdere formålet med tenesta eller vurdere om tenesta vil påverke økonomien i relevante offentlege avtalar.
SJT har fått ei oppmoding frå Vy innan fristen om å teste for økonomisk likevekt.

 

Oppdatering 21. november 2019: Vy har vedteke å trekkje oppmodinga si om å teste for økonomisk likevekt. SJT vil derfor avslutte si vidare saksbehandling. Dette betyr at SJ vil kunne nytte seg av retten sin til å ta med og setje av passasjerar innanlands ved grensekryssande transport.

Merk: Planlagd utviding av aktivitet føreset at SJ får utvida sitt sikkerheitssertifikat del B.

Relevante dokument: