Orienteringsleik på livet laus

Geocaching er ein aktivitet som kan samanliknast med orientering eller skattejakt. Deltakarane leiter etter poster, kalla «geocacher». Plassering av geocacher nær skjenegangen kan gi farlege situasjonar.

Publisert: 29.05.2015   Endret: 15.11.2016

Deltakarane leiter etter geocacher med hjelp av GPS. NRK Trøndelag melde i førre veke at folk gjekk i skjenegangen for å leite etter ein geocache. Ingen blei påkøyrt.

– Ikkje legg geocachene ved tog- og trikkeskjener. Eit tog eller ein trikk har svært lang bremselengde, og kan vere stillegåande. Dei som legg ut geocacher må vere medvite ansvaret sitt, slik at ingen blir påkøyrt, seier Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, direktør i Statens jernbanetilsyn.

Kven som helst kan i teorien leggje ut ein geocache. Retningslinjene for geocaching gir deltakarane meir informasjon om plassering av cacher. Jarnbaneverket tilrår at geocacher blir plassert 50 meter frå infrastruktur.

– Geocacher bør leggjast minst 50 meter frå både tog- og trikkeskjener. Det same gjeld poster ved andre typar fritidsaktivitetar, som rebusløp og liknande, seier Reiersøl-Johnsen.