Oppfølging av sikkerheitstilråding etter Sjursøya-ulukka

SJT viser til Havarikommisjonens førebelse rapport etter Sjursøya-ulukka og den umiddelbare sikkerheitstilrådingen som er gitt.

Publisert: 03.05.2010   Endret: 17.11.2016

Inntil vidare har Jernbaneverket innført endra rutinar for skifting av godsvogner på Alnabruterminalen slik at det alltid vil vere eit lokomotiv tilkopla vognene ved slike operasjonar. Vognene skal dermed til einkvar tid ha verksame bremsar. Jarnbaneverket har informert SJT om at dei er i gong med å prosjektere ei endring av anlegget ved at det blir bygt ein sporveksel som vil leie eventuelle løpske vogner til sikkert område. Desse tiltaka er i tråd med sikkerheitstilrådingen.

Jarnbaneverket gjer no ein full risikogjennomgang av heile godsterminalen og alle prosedyrar knytte til bruken av den, og tilsynet vil følgje opp dette. SJT har også bedt Jernbaneverket vurdere om det finst andre anlegg på jarnbanenettet der enkeltfeil kan medføre ei tilsvarande hending. Tilsynet vil også følgje opp moment rundt sikkerheitsstyring på Alnabru.

Sikkerheitstilrådingen frå Havarikommisjonen

Havarikommisjonen gir ein umiddelbar sikkerheitstilråding til SJT:

Dei barrierane som er etablert for å forhindre at vogner utan bremsar kjem i drift og rullar ut frå Alnabru viste seg ikkje å vere tilstrekkelege. Statens havarikommisjon tilrår at Statens jarnbanetilsyn pålegg Jernbaneverket å analysere driftssituasjonen på Alnabru og å etablere nødvendige barrierar slik at løpske vogner ikkje kan rulle ut av stasjonen.

Relevant informasjon: