Ny EU-portal for togtenester

Ein ny, gratis nettportal viser infrastruktur, togstasjonar, serviceanlegg og mykje meir for jarnbane i Europa.

Publisert: 12.06.2019   Endret: 12.06.2019

Portalen er eit kartbasert system som gir jarnbaneverksemder og andre interesserte oversikt over alle mogelege serviceanlegg og fasilitetar på jarnbana i Europa. Avanserte søkjekriterium gjer det mogeleg å finne detaljert informasjon basert på geografi eller ulike tenester.

Formålet med portalen er å gjere det enklare å planleggje transport på tvers av landegrenser, ikkje minst for kjøparar og seljarar av godstenester. Å byggje ned barrierar for å gjere togtransport enklare å utføre og nytte er ein vesentleg del av EU sine ambisjonar for samferdsel. Vidare ser EU-kommisjonen på portalen som eit mogeleg verkty for drivarar av serviceanlegg til å oppfylle krav til publisering av informasjon om anlegget og tenestene deira som blir ytt der.

Gratis i bruk

Portalen er gratis å bruke og krev inga registrering eller innlogging for å søkje i. For drivarar av serviceanlegg, og andre som har interesse av å publisere informasjon gjennom portalen, er det mogeleg å registrere seg for å, registrere nye anlegg, føye til eller endre informasjon i portalen.

Test portalen her.

EU-kommisjonens pressemelding om portalen.