Klarare regelverk for sikkerheitsmetode

Statens jernbanetilsyn har vedteke endringar i forskrift om ein felles sikkerhetsmetode for risikoevaluering og -vurdering på jarnbaneområdet. Presiseringane gir eit klarare regelverk.

Publisert: 16.03.2016   Endret: 15.10.2016

Kommisjonsforordning (EU) 2015/1136 endrar kommisjonsforordning (EU) 402/2013 som er gjennomført i EØS-avtalen og i norsk rett ved forskrift om felles sikkerheitsmetode for risikoevaluering og -vurdering (CSM-RA). Forskrifta trødde i kraft 21. mai 2015.

Ikkje noko nye krav eller plikter

Kommisjonsforordning (EU) 2015/1136 inneheld hovudsakleg presiseringar og klargjeringar, inkluderte endra og nye definisjonar og grenseverdiar. I tillegg blir uttrykket «Risk Acceptance Criteria» endra til «Design Targets». I bransjen og hos styresmaktene er dei fleste einige om at dette er eit meir riktig omgrep.

Rettsakta medfører i realiteten ikkje noko nye krav eller plikter for private eller det offentlege. I hovudsak er den nye ordlyden presiseringar og endringar av omgrep for krav som allereie er innført ved gjennomføringa av forskrift om felles sikkerheitsmetode for risikoevaluering og -vurdering.

Innspel frå bransjen

Aktørane i jarnbanebransjen har gitt Statens jarnbanetilsyn innspel i arbeidet med rettsakta om kvarvide endringane i forordninga er akseptable. Synspunkta blei formidla til Det europeiske jarnbanebyrået i 2013. I tillegg har bransjen delteke i arbeidet med å utarbeide forordninga.