Høgare tillit til SJT

Statens jernbanetilsyn har aldri tidlegare skore høgare i brukarundersøkinga blant tilsynsobjekta. I 2016-utgåva blei karakteren 5,3 av 6 på hovudspørsmålet om tilsynet sitt arbeid gjer tryggleiken bedre. – Men undersøkinga viser også kva vi kan bli betre på, og der har vi allereie begynt jobben, seier Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, direktør i Statens jernbanetilsyn.

Publisert: 20.12.2016   Endret: 20.12.2016

Undersøkinga er den tredje i rekkja og blei send ut til tilsynsobjekt innan tog, trikk, T-bane, taubane og fornøyelsesinnretningar tidlegare i år.

– Vi set stor pris på at tilsynsobjekta svarde på brukarundersøkinga. Vi har allereie brukt resultata til å gjere tilsynsverksemda betre, seier Reiersøl-Johnsen.

Resultata blei blant anna brukt som ein del av grunnlaget for tilsynet sin virksomhetsstrategi for perioden 2017-2020. Også tilsynet sine nye internettsider har lagt resultata til grunn – med tyding for både struktur og innhald.

Høg tillit

I undersøkinga svarde tilsynsobjekta at dei har høg tillit til måten SJT fører tilsyn på – både innan jarnbane, taubane og fornøyelsesinnretningar. På påstanden «SJT løyser oppgåva på ein tillitvekkjande måte», gav tilsynsobjekta karakteren 5,1 i snitt på ein skala frå 1 (heilt ueinig) – 6 (heilt einig). Tilsvarande svarte tilsynsobjekta 5,3 på påstanden om at «SJT hjelper til med å betre tryggleiken».

Les alle svara frå jarnbaneverksemdene.

Les alle svara frå verksemder som driv fornøyelsesinnretningar og taubaner.

Tilsynet fekk betre tilbakemeldingar i 2016 enn på dei tilsvarande brukarundersøkingane i 2011 og 2013. Dei fleste gav inntrykk av å vere godt fornøgd med måten SJT fører tilsyn på. Likevel har tilsynet sett i gong tiltak på område som blir dekt i undersøkinga.

Tiltak regelverk

Tilsynet ønskjer å vere tydelegare på korleis regelverket skal forståast, og har den siste tida sett i verk fleire tiltak, som for eksempel:

  • Rettleiings- og informasjonsmøte om korleis regelverket skal forståast i konkrete saker.
  • Betre presentasjon av regelverket på nettsidene, blant anna i form av søkbare tabellar, forklarande tekstar om regelverket og publisering av høyringsinnspel til forslag til nye forskrifter tilsynet jobbar med.
  • Opplæring i klart lovspråk.

Tiltak risikobasert tilsyn

SJT har fått tilbakemeldingar om at vi bør drive meir risikobaserte tilsyn innan fornøyelsesinnretningar, det vil seie at ein person som driv for eksempel eit hoppeslott – og aldri har hatt nokre uønskte hendingar – kan sleppe årlege tilsyn.

SJT har lenge jobba for å risikobasere tilsynet med fornøyelsesinnretningar og taubaner. Allereie i 2017 vil det kome nytt regelverk og ny tilsynsmetodikk for både taubaner og fornøyelsesinnretningar. Hyppigheit av tilsyn vil framover avhenge av risikonivået hos det enkelte tilsynsobjekt. Risikoen blir vurdert ut frå omfanget av verksemda justert for ei rekkje faktorar som anleggstype, topografi, organisatoriske forhold, erfaring frå tidlegare tilsyn og uhellsrapportering. Tilsynet har lenge praktisert risikobasert tilsyn innan jarnbane.

Tiltak internasjonalt arbeid

Enkelte tilsynsobjekt er usikre på om Noreg deltek tilstrekkeleg i europeisk regelverksutvikling slik at reglane blir formålstenlege for nordiske land. Etter å ha motteke resultata av undersøkinga arrangerte tilsynet morgonmøte om høvesvis internasjonalt arbeid og den fjerde jarnbanepakken for jarnbaneverksemder.

I åra som kjem har tilsynet ein ambisjon om framleis å vere aktive i det internasjonale arbeidet:

  • Tilsynet vil framleis prioritere internasjonalt arbeid av stor tyding for tryggleik og marknadsforhold i Noreg og der vi har størst høve for å påverke.
  • Tilsynet vil i større grad synleggjere og informere om vårt internasjonale arbeid overfor bransjane og Samferdselsdepartementet.
  • Tilsynet vil streva etter ein smidig overgang for bransjane ved større endringar.

Metode for undersøkinga

Deltakerne svara anonymt. Undersøkinga blei send til 205 navngitte personer innen jarnbane og 909 navngitte personer innan taubane/fornøyelsesinnretningar.

Låg svarprosent

Statens jernbanetilsyn ønskjer seg også høgare svarprosent i framtidige undersøkingar. I årets undersøking var svarprosenten 56 prosent innen jarnbaneverksemder, 34 prosent innan fornøyelsesinnretningar, mens berre 21 prosent av taubaneverksemdene svarte på undersøkinga.