Fleire køyrde mot «raudt lys»

I 2018 var det fleire uregelmessige passeringar av stoppsignal på jarnbana enn gjennomsnittleg for perioden 2008-2017.

Publisert: 29.05.2019   Endret: 29.05.2019

Statens jernbanetilsyn (SJT) fekk innrapportert 168 såkalla PASS-hendingar frå jarnbaneverksemder i 2018, syner sikkerheitsrapporten for 2018. Gjennomsnittet for perioden 2008-2017 var 132 PASS-hendingar. Ei PASS-hending betyr at eit tog køyrer lenger enn tillaten. Forbipassering av stoppsignal kan i verste fall føre til samanstøyt mellom tog. Det var ingen jarnbaneulukker i 2018 som var klassifisert som samanstøyt mellom tog. Det var ingen jernbaneulykker i 2018 som var klassifisert som sammenstøt mellom tog.

Omtrent halvparten av PASS-hendingane i 2018 skjedde i samband med togframføring. Den andre halvparten skjedde ved anleggsarbeid og skifting. Skifting vil seie at vogner blir flytte inne på terminalar. Ingen personskadar er rapporterte.

Ulukker i 2018

SJT har fått innrapportert 25 jarnbaneulukker på det nasjonale jarnbanenettet i 2018, mot 20 i 2017. 25 ulukker er litt over snittet for mengda ulukker på det nasjonale jarnbanenettet dei siste åra. To av ulukkene var samanstøyt med person. To personar forulukka i eiav ulukkene, og ein person fall mellom plattform og tog.

15 av jarnbaneulukkene i 2018 involverte persontog, seks involverte godstog, tre inntrefte under skifting og ein involverte tomtog. 12 av ulukkene var samanstøyt med gjenstand, og ti av desse var nedriving av kontaktleidning.

Vidare skjedde fem avsporingar, av desse skjedde tre under skifting; tre planovergangsulukker, av desse var to samanstøyt mellom tog og tyngre køyrety (ein var på planovergang med vegsikringsanlegg og den andre var på ein planovergang utan vegsikringsanlegg); to ulukker var brann ved spor som førde til store forseinkingar på strekninga og ei ulukke skjedde i samband med av- og påstigning.

 

Les mer i sikkerhetsrapporten for 2018.