Fleire hendingar rapportert på jarnbana

Cirka 22.000 hendingar blei rapporterte i 2018, mot 19.500 i 2017.

Auken i rapporterte hendingar til Statens jernbanetilsyn er ikkje nødvendigvis eit uttrykk for at det oppstår fleire uønskte hendingar, men at verksemdene blir stadig meir observante og systematiske i arbeidet sitt med sikkerheit. Auken i mengd rapportar har skjett innan fleire kategoriar, blant anna avsporing og lastkontroll før avgang. Ein uvanleg varm sommar førde til mykje innrapportering av solslyng, men ingen av desse hendingane blei klassifisert som ulukker.

Fem omkomne på jarnbanenettet

Fem personar omkom på jarnbanenettet i 2018, mot tre personar i 2017. Tre av dei fem personane i 2018 omkom ved påkøyrsel i sporet, ein omkom på planovergang og ein i av- og påstigningsulykke. Sistnemnde er fyrste omkomne passasjerar på jarnbana dei siste 12 åra. (Sjå Havarikommisjonens rapport om hendingda.) Ein person blei alvorleg skadd ved påkøyrsel på planovergang.

For ulukker som fører til alvorleg skade og død, er den typiske situasjonen at ein person eller eit køyrety oppheld seg i sporet eller på ein planovergang.

25 jarnbaneulukker i 2018

25 jarnbaneulukker er førebels status for 2018, mot 20 i 2017. Ytterlegare seks ulukker blir så utgreidde totaltalet for 2018 kan bli høgare. Ei hending som medfører stans i trafikken i meir enn seks timar, blir definerte som jarnbaneulukke. Ei hyppig årsak til ulukker er for eksempel nedriving av køyreleidning. Dei fleste av dei 25 ulukkene er slike hendingar, ikkje materielle skadar eller personskadar.

Totalt innrapporterte hendingar i 2018 viser mykje av dei same utfordringar som føregåande år. Hendingane er knytte til vernebuing, arbeid i og ved spor, klimatiske forhold og bruk av leverandørar. Desse forholda har vore gjenstand for tilsyn. Utfordringane knytte til arbeid i og ved spor har samanheng med sikkerheitsavvik i samanheng med bruk av leverandørar.

Ingen omkomne på trikk og T-bane

Kategorien «sporvogn/trikk» i SJT sin statistikk består av Trikken i Oslo, Bybanen i Bergen og Gråkallbanen i Trondheim. I 2018 var det fire trikkeulukker, mot seks ulukker i 2017. Tre av ulukkene i 2018 blir stans skuld i trafikken i over seks timar. I den fjerde ulukka var årsaka ein alvorleg skadd passasjer.

På T-bana var det fem ulukker i 2018, med i alt tre alvorleg skadde passasjerar. I 2017 var det tre ulukker, der i alt ein person omkom og to blei alvorleg skadt.

Cirka 3.900 hendingar er rapporterte for trikk og T-bane i 2018, mot cirka 4.000 i 2017. Framleis blir statistikken dominert av risiko knytte til tre forhold:

 

  • ferdsel i spor
  • ferdsel på planovergangar
  • handlingar frå personer som ikkje er personell eller passasjerar