Fleire ulukker på grunn av snø

Det siste året har det vore ein auke i talet på samanstøyt og avsporingar på grunn av snø og is.

Publisert: 20.05.2015   Endret: 17.11.2016

Kvar annan månad presenterer Statens jernbanetilsyn oppdatert ulukkesstatistikk innan jarnbane.Tala baserer seg på innrapporterte uønskte hendingar frå jarnbaneverksemder til tilsynet.

Samanstøyt med snø

I Noreg har vi hatt berre to jarnbaneulukker på grunn av samanstøyt med snø på ni år, det vil seie i perioden 2006-2014. Dei siste fire månadene har det likevel vorne heile fire jarnbaneulukker på grunn av samanstøyt med snø. Toga har anten køyrt inn i snøskrede eller møtt kompakt snø som har bygt seg opp i sporet. Tre av samanstøytane førde til avsporing.

Jarnbaneverket har ansvaret for å vurdere vêrforhold og særskilde forhold, som for eksempel vårløysing og fare for ras. Dei skal stanse trafikken når vêrforhold gir høg risiko for ulukker. Jarnbaneverket har blitt flinkare til å stanse trafikken i tide.

– Desse fire ulukkene i 2015 viser likevel at det framleis er viktig å følgje nøye med på naturkreftane sin påverknad og sørgje for å halde sporet køyrbart, seier Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, direktør i Statens jernbanetilsyn.

Ingen av samanstøytane førde til personskadar. Alle dei fire samanstøytane førde til stans i trafikken på meir enn seks timar.

Nasjonalt nett

Det er 13 offentlege og private jarnbaneverksemder som trafikkerer det nasjonale jarnbanenettet. Ti av verksemdene har vore involvert i jarnbaneulukker dei siste 24 månadene.

Personpåkøyrslar utelate

Talet på personpåkøyrslar er utelate frå den løpande statistikken til tilsynet. Grunnen er at dei siste ulukkene med personpåkøyrslar ikkje er ferdig etterforska av politiet. I den årlege statistikken blir alle typar jarnbaneulukker inkluderte.

Nedriving av køyreleidningar

Talet på jarnbaneulukker på grunn av nedrivingar av køyreleidning har gått ned dei siste seks månadene. Passasjerane og jarnbaneverksemdene har dermed unngått langvarig stans i trafikken på grunn av nedriving av køyreleidningar.

Trikk og T-bane

Ferdsel i spor og planovergangar er ofte årsak til jarnbaneulukker. Dei siste fire månadene har det likevel ikkje vore nokre alvorlege personskadar knytt til trikk og T-bane i Noreg.

Statens jernbanetilsyn fører tilsyn med 33 jarnbaneverksemder.

Hyppigare oppdateringar

Statens jernbanetilsyn vil publisere oppdatert ulukkesstatistikk for jarnbane omtrent kvar annan månad på nett. I tillegg blir ulukkesstatistikk presentert på morgonmøte i regi av tilsynet.