Fleire køyrde på «raudt lys»

Tog og andre køyrety på det norske jarnbanenettet passerte oftare stoppsignal i 2015 enn gjennomsnittet for dei siste åra, viser statistikk frå Statens jernbanetilsyn.

Publisert: 13.06.2016   Endret: 15.10.2016

Utilsikta passering av stoppsignal – eller såkalla passhendingar – utgjer ein tryggleiksrisiko, og har tidlegare ført til samanstøyt mellom tog. Det skjedde ingen samanstøyt mellom tog på grunn av passhendingar i 2015. Fire ulukker skjedde i samband med skifting – det vil seie i samband med flytting av vogner inne på terminalar. Tre av desse hendingane førde til avsporing.

Mengd passhendingar

I 2015 fekk tilsynet innrapporterte 104 passhendingar som skuldast forhold ved togframføring eller skifting. Gjennomsnittleg mengd passhendingar av denne typen er 92 per år.

I tillegg fekk tilsynet rapporterte inn 39 passhendingar i fjor som skuldast at togleiar/togekspeditør i siste liten har sett signalet til stopp, men at toget ikkje rekkjer å stoppe i tide. Gjennomsnittleg mengd passhendingar av denne typen er 30 per år.

Dei aktuelle jarnbaneverksemdene er i gong med å kartleggje årsakene til auken i 2015.

Automatisk togstopp

Etter ulukka på Tretten i 1975 begynte installeringa av ATC i Noreg – eit system som automatisk stansar tog om dei køyrer forbi signal som viser stopp. ATC tyder «automatisk togkontroll». Det er likevel framleis somme strekningar i Noreg som ikkje har ATC.

Forsterkar barrierar

Ved fleire stasjonar er ATC ikkje tilstrekkeleg til å kunne forhindre einkvar togsamanstøyt, fordi tryggleikssonene er for korte. Ved desse stasjonane er avstanden frå det punktet der toget sin ATC grip inn ved utkøyring til det punktet der det er fare for samanstøyt med anna tog, kortare enn den avstanden toga kan trenge for å stoppe.

– Lokkførarar må ha god strekningskunnskap, og dette må jarnbaneverksemdene sørgje for. God kunnskap om signala si plassering har vist seg å ha verdi for å unngå passhendingar, noko rapporten etter ulukka på Koppang i 2009 viser, seier Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, direktør i Statens jernbanetilsyn.

Statens jernbanetilsyn har bedt Jernbaneverket om å kartleggje situasjonen på aktuelle stasjonar, og å etablere ein tiltaksplan for å forsterke barrierane slik at tog ikkje utilsikta kan kome i same togveg. Jarnbaneverket har meldt at tiltaksplanen for å forsterke desse barrierane blir følgde.

ERTMS

Det er krav om at alle nye jarnbanestrekningar skal utrustast med ATC eller ERTMS Jarnbaneverket har vedteke å innføre ERTMS på alle strekningar innan 2030. ERTMS er eit signalsystem som gir kontinuerleg oppdatering av informasjon og ikkje punktvis slik som ATC, noko som vil medverke til å redusere kor sannsynleg det er at passhendingar skjer.

Statens jernbanetilsyn fører tilsyn med mange ulike typar verksemder, blant anna:

  • 10 verksemder som transporterer passasjerar eller gods med tog i Noreg
  • Fire verksemder som transporterer passasjerar med trikk og T-bane
  • To verksemder med ansvar for skjener og annan infrastruktur
  • 800 taubaneanlegg, blant anna skiheisar
  • 850 fornøyelsesinnretningar, blant anna innretningar i tivoli og høgdeparkar
  • 15 verksemder som driv museums- og hobbypreget jarnbaneverksemd eller sidespor

I tillegg er Statens jernbanetilsyn marknadsovervakar på jarnbaneområdet. Målet er ein effektiv jarnbanemarknad med sunn konkurranse og likeverdige vilkår.