Færre omkomne på jernbana

To personar omkom på jernbanenettet i 2019, mot fem personar i 2018, syner endeleg statistikk frå Statens jernbanetilsyn.

Publisert: 17.06.2020   Endret: 17.06.2020

Personane omkom i samanstøyt med tog. To personar blei alvorleg skadd. Dei omkomne og dei skadde er ein del av ulykkesstatistikken for 2019. 29 jernbaneulykker er status for 2019, mot 25 i 2018.

Med jernbaneulykke meiner me ei hending som forårsakar

  • død eller alvorleg personskade
  • omfattande skade på materiell, spor, andre installasjonar eller ytre miljø
  • omfattande trafikkforstyrringar

Ingen omkomne på trikk og T-bane

I 2019 var det totalt tre trikkeulykker og T-baneulykker, med ein alvorleg skadd passasjer. I 2018 var det totalt ni ulykker, med i alt tre alvorleg skadde passasjerar.

Hendingar på jernbanenettet

Cirka 21.000 hendingar blei rapporterte på det nasjonale jernbanenettet i 2019, mot cirka 22.000 i 2018.
Ein nedgang i rapportering av hendingar endrar ikkje Statens jernbanetilsyns inntrykk frå dei siste åra: Verksemdene på jernbana er stadig observante og systematiske i arbeidet sitt med sikkerheit. Overordna blir hendingane dominert av feil på infrastruktur, ferdsel i spor og ferdsel på planovergang.

Totalt innrapporterte hendingar i 2019 viser mykje av dei same utfordringane som føregåande år:

  • nedriving av køyreleidning
  • beredskap
  • arbeid i og ved spor
  • klimatiske forhold
  • bruk av leverandørar

Desse forholda har vore gjenstand for tilsyn. Utfordringane knytte til arbeid i og ved spor har samanheng med sikkerheitsavvik knytt til bruk av leverandørar.

Hendingar for trikk og T-bane

Cirka 3.600 hendingar er rapporterte for trikk og T-bane i 2019, mot cirka 3.900 i 2018. Framleis blir statistikken dominert av risiko knytte til tre forhold:

  • ferdsel i spor
  • ferdsel på planovergangar
  • handlingar frå personar som ikkje er personell eller passasjerar

Sikkerheitsrapport for 2019. PDF-ikon.