Endringar i forskrifter frå nyttår

Fleire forskrifter for jarnbanesektoren blei endra 1. januar 2017.

Publisert: 22.12.2016   Endret: 22.12.2016

Helsekravforskrifta

SJT har over tid fått tilbakemeldingar frå jarnbaneverksemdene om at føresegnene i helsekravforskrifta er for strengje. I tillegg har unnataksregelen blitt praktisert ofte fordi krava har vore absolutte. Dette har vore arbeidskrevjande for både SJT og verksemdene. Endringa gjer også at norsk og europeisk regelverk i større grad blir harmonisert.

Helsekravforskrifta er opphevd som følgje av endringane. Helsekrav for dei ulike gruppene forskrifta dekte, er lagd inn i høvesvis krav-, sidespor- og museumsbaneforskrifta. For personell om bord og operativt personell er føresegnene tekne inn i togframføringsforskrifta.

Togframførings- og ERTMS-togframføringsforskriftene

Samtidig med endringane knytte til helsekrav gjorde SJT framlegg om rettingar og presiseringar i togframføringsforskrifta og ERTMS-togframføringsforskrifta.

Køyretyforskrifta

Endringar i ny køyretyforskrift handlar i hovudsak om struktur, rettingar i tilvisingar og presiseringar. SJT har i forskrifta sin hovuddel forsøk å gjere krava tydelegare, slik at prosessane ved melding og søknad om å ta i bruk køyrety blir meir effektive.

I forskrifta sine vedlegg, der dei nasjonale krava står, er det gjort omstrukturering etter oppsettet i nytt referansedokument for krav til køyrety i medhald av EU-kommisjonen sin gjennomføringsbeslutning (EU) 2015/2299. I tillegg er føresegner om STM-eininga er flytt frå jarnbaneinfrastrukturforskrifta til vedlegget.

Sikringsforskrifta

Jarnbanereforma og endringar i organisering av jarnbana i Noreg har ført til at det i sikringsforskrifta vil heite «infrastrukturforvaltar», ikkje «Jernbaneverket».

Meir om endringar

Alle rørde verksemder har fått brev med meir detaljert informasjon om endringane. Regelverkssidene til SJT vil oppdaterast med riktige lekkjer så snart forskriftene har trøtt i kraft.

SJT gjer også oppmerksam på at det er endringar i jarnbanelova og fleire av Samferdselsdepartementets forskrifter som vil trø i kraft frå nyttår.