Den fjerde jarnbanepakken blir utsett til 2020

Samferdselsdepartementet har avgjort at den tekniske delen av EU sin fjerde jarnbanepakke blir gjennomførd i norsk rett i juni 2020.

Publisert: 01.03.2019   Endret: 04.03.2019

Samferdselsdepartementet (SD) har hatt som ambisjon å leggje fram ein lov- og samtykkeproposisjon om den fjerde jarnbanepakken i Stortingets vårsesjon 2019 for at endringar i lover og forskrifter skal kunne tre i kraft i juni 2019. Grunnlova krev at Stortinget skal samtykkje til inngåing av alle internasjonale avtalar av særleg betyding, samt alle avtalar som krev lovendring eller anna avgjerd av Stortinget.

Ikkje realistisk våren 2019

Nødvendige avklaringar mellom EØS-avtalepartane om korleis nødvendige tilpassingar skal kome til uttrykk i avgjerder frå EØS-komitéen har teke lengre tid enn venta. EØS-komitéen si hovudoppgåve er å treffe avgjerder om å innleme nye EU-rettsakter i EØS-avtalen. Derfor er det ikkje realistisk at ein proposisjon vil kunne leggjast fram og behandlast i Stortinget våren 2019.

Nabolanda si innføring

SD meiner Noreg si utsetjing ikkje vil ha negative følgjer for norske jarnbaneverksemder. Sverige, Danmark og Tyskland har varsla at dei vil gjennomføre den tekniske delen av pakken frå det seinast mogelege tidspunktet – juni 2020. Når Noreg også utset, vil innføringa av pakken kunne samkøyrast betre med naboland Noreg har tettast jarnbanesamband med.

Også marknadspilaren i den fjerde jarnbanepakken vil bli gjennomførd i Noreg så snart EU-regelverket er teke inn i norsk rett.

 

Sjå planen for når kvart enkelt land skal slutte seg til EU sin fjerde jarnbanepakke.

Togframføringsforskrifta og TSI OPE

Togframføringsforskrifta skal opphevast som planlagt, men det har ikkje samanheng med den fjerde jarnbanepakken. Formålet med å oppheve forskrifta er å unngå dobbeltregulering, då forskrift om gjennomføring av TSI-drift og trafikkstyring (OPE) på jarnbanenettet regulerer det same.

Meir informasjon til bransjen

Statens jernbanetilsyn vil etter kvart sende meir informasjon til verksemdene om status for regelverk og eventuelle andre forhold knyte til den fjerde jarnbanepakken.