Tilbakemelding om brukarundersøking

SJTs halvårlege brukarundersøking blant jarnbaneverksemder om løyve til å ta i bruk infrastruktur og køyrety gir tilsynet nyttige tilbakemeldingar. Her er svara våre på nokre av tilbakemeldingane.

Publisert: 04.02.2016   Endret: 15.10.2016

Spørsmåla i brukarundersøkinga går til cirka 30 aktørar som har vore kontaktpersonar det siste halvåret. Over halvparten har svart. Aktørane er stort sett godt fornøgd med saksbehandlinga og kontakten med tilsynet. På ein skala frå 1 til 6 er snitta i undersøkinga på nesten 5.

Tilsynet er godt fornøgd med responsen. Svara gjer oss i stand til å yte enda betre rettleiing i prosessen for løyvar. Under er svara våre på nokre synspunkt vi fekk i undersøkinga.

Saksbehandlaren sin tilgjengeleghet

Somme synest det er vanskeleg å få kontakt med saksbehandlaren. Legg melding på telefonsvararen eller send ein e-post om at du ønskjer kontakt og kva meldinga gjeld. Dersom det hastar å få kontakt, og saksbehandlaren ikkje er tilgjengeleg, kan du kontakte oss direkte på telefon: 22 99 59 00.

EU-regelverket

Dagens regelverk kjem i stor grad frå EU. Regelverket er forholdsvis nytt. Det inkluderer bruk av tekniske spesifikasjonar for interoperabilitet (TSI) og bruk av tredjepartsvurderingar, både for TSI-ar og nasjonale reglar. Få prosjekt har vore gjennom heile regelverksprosessen. Det vil derfor ta tid før vi får erfaring nok til at rutinar for desse prosessane er innarbeidde.

Søkjaren må sjølv ta stilling til noko som TSI-er ein meiner skal brukast og kva punkt i TSI-ein som er aktuelle. I svaret vårt på meldinga gir vi melding om kva som skal nyttast. Dette vil også kunne endre seg i løpet at prosjektet dersom prosjektet får eit anna omfang.

Ei god systemskildring er viktig for å kunne avgjere kva TSI som skal brukast. Møter om prosjekta er ein god metode for å avstemme krav til TSI og omfang.

Særleg for små prosjekt kan bruk av TSI verke som eit strengt krav. Ver derfor klar over at det berre er punkt som er omfatta av prosjektet/endringa som skal verifiserast av tredjepart.

I Noreg er det førebels peikt ut eitt kontrollorgan for verifisering av nasjonale reglar, men fleire har no. søkt om utpeiking. Bruk av DEBo-verifisering vil bli innførd gradvis. Vi vil kome tilbake med meir informasjon om dette.

Mellombelse sertifikat og løyve

Mange prosjekt får ikkje endeleg sertifikat før infrastrukturen eller køyretyet skal takast i bruk. I Noreg gir vi derfor eit tidsavgrensa løyve basert på mellombels sertifikat. Alternativet er at vi må vente til endeleg sertifikat er levert eller avslå ein søknad.

Somme løyve føreset at noko dokumentasjon blir sendt inn etter at løyva er gitt. Sluttprøvar kan vere eit eksempel.

Føreseieleg i vurdering av søknadsplikt

Når vi vurderer om ei endring er søknadspliktig, ser vi blant anna på om det allmenne tryggleikshetsnivået blir negativt påverka. Dette omfattar sikkerheitsstyringa i prosjektet.

Nokre gonger vil to tilsynelatande like prosjekt få ulike svar frå oss. I det eine prosjektet kan det allmenne tryggleiksnivået ha blitt vurdert å bli negativt påverka på grunn av prosessen og styringa. Sjå meir om kriteria i rettleiinga vår om infrastrukturløyve.

Hugs at dokumentasjonen som blir laga i eit prosjekt er for behova til prosjektet. Tilsynet si oppgåve er å føre tilsyn med at dokumentasjonen er på plass.